Hopp til innhold

Trur små lokalsamfunn kan vere nøkkelen til å takle klima- og naturfarar i framtida

Er små lokalsamfunn nøkkelen for å takle klima- og naturfarar i framtida? Det spørsmålet skal ein stor NTNU-studie skal prøve å finne svaret på ved å studere storbrannen i Lærdal.

Brannar

NØKKELEN: Forskarteamet vil stille spørsmål om kva betydning små lokalsamfunn har for å takle klima og naturfarar. Biletet er ein montasje frå Gudvangatunnelen, Flatanger, Lærdal og Frøya.

Foto: arkiv / NRK

Natt til 19. januar brann 40 bygningar ned i Lærdal, og det var berre meter om å gjere før brannen også raserte dei gamle verna trehusa. Det var svært tørt og bles svært sterkt i Lærdal brann-natta.

Samfunnsgeograf og klimaforskar Silje Aurora Andresen har reist til Lærdal for å sjå på korleis lokalkunnskap kan ha hindra ein enno større katastrofe.

Ingen liv gjekk tapt i brannen, og innsatsen frå lokale mannskap og lokalbefolkninga vart i etterkant hylla for at ikkje enno fleire hus gjekk tapt.

– Lokalkunnskap vert nemnd som ein viktig faktor for at resultatet vart som det vart i Lærdal. Eg vil spørje: Kva er lokalkunnskap? Kva hadde det å seie? Og korleis skil Lærdal seg frå ein større by, seier Andersen.

Klimaforsking og brann

Silje Aurora Andersen
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Klimaforskaren er del av eit større team som skal jobbe fram til 2018. Dei skal samanlikne Lærdal med andre stader der katastrofar har skjedd, og i tillegg gjennomføre nasjonale spørjeundersøkingar.

– Målet er å kunne bidra til korleis ein kan møte klima- og naturfarane vi står ovanfor i framtida. Det er vel kort og greitt målet.

– Men korleis heng klima og brann saman?

– Det vert veldig ofte snakka om at det vert våtare og villare her i Noreg. Så ser ein at Lærdal er veldig tørt frå før. Det er store geografiske skilnader i Noreg. I framtida kan vi også sjå at det kan verte tørrare og villare veldig mange stader, seier Andersen og held fram.

– Brannen i seg sjølv er ikkje ein naturfare, men han vart ekstremt forsterka av at det var uvanleg tørt og i tillegg ein veldig sterk vind

Lokalkunnskap kan vere nøkkelen

Dei neste åra skal ho prate med menneske i Lærdal om korleis dei har budd seg på katastrofar, og om korleis dei takla og kom seg etter storbrannen.

– Mykje av det går på kjennskap: ein veit kva folk driv med, ein veit kvar dei bur. Det kan vere ekstremt viktig i ein akuttfase, spesielt i eit land som Noreg, der vi har so enorme geografiske skilnader, seier Andersen.

Studien kan også verte del av ein større debatt om korleis ein organiserer samfunnet.

– Ein ser både i Lærdal, Frøya og Flatanger at sakene vert brukt politisk i høve sentralisering. Då er det interessant å kome med innspel som kan vise ei anna røynd, om korleis lokalkunnskap kan vege opp for andre forhold som ikkje er til stades i små lokalsamfunn, seier klimaforskaren.