Hopp til innhold

Mista far sin i kreft - no spring han for livet til mora

HØYANGER (NRK): Han skal springe ultraløp til inntekt for kreftsaka. Han håpar å samle inn 70 tusen kroner.

Esben Rohit Hellebø

SPRING FOR LIVET: Målet til Esben Rohit Hellebø frå Høyanger er å samle inn 70 000 kroner til kreftforsking.

Foto: Sondre Lingås Haukedal

– Det blir noko av det mest ekstreme eg har gjort, men det skal svært mykje til før det blir aktuelt å gi opp. Eg håpar mamma er frisk nok til å sjå det, seier Esben Rohit Hellebø.

35-åringen frå Høyanger mista far sin av lungekreft i 2013 og tidlegare i år fekk også mora ein kreftdiagnose.

Fekk inspirasjon i Oslo

– Eg har hatt idéen om å samle inn pengar sidan faren min døydde, seier 35-åringen.

Planen om å springe for kreftsaka tok form under eit 50 kilometersløp i Oslo tidlegare i år. Der såg han ein annan springe for kreftsaka.

– Eg tenkte at det skal eg og gjere. Eg håpar springinga gir mykje merksemd slik at eg får samla inn mest mogeleg pengar, seier Rohit Hellebø som har som mål å samle inn 70 000 kroner via Kreftforeningen sine sider.

Når Hellebø i juli skal dekta i noregshistorias første seksdagarsløp kan bedrifter, idrettslag og andre som støttar aksjonen få logoen sin trykt på den kvite t-skjorta han skal springe med.

Esben Rohit Hellebø

FEKK INSPIRASJON PÅ BISLETT: Rohit Hellebø såg ein annan springe for kreftsaka, og det inspirerte han.

Foto: Sondre Lingås Haukedal

Viktig med optimisme

Det var då mora til Hellebø fekk påvist lungekreft tidlegare i år at ideen om å samle inn pengar igjen dukka opp. Mora er no under behandling og Hellebø fortel at han er optimistisk med tanke på å få ho frisk att.

– Det er framleis tidleg i behandlinga, men vi håpar det går rette vegen med god behandling, trening og næring. Ho har sjølv sagt at ho skal bli frisk att, så då må ho gjere det ho kan. Så skal eg gjere det eg kan for å hjelpe henne.

Det skal han blant anna gjere ved å samle inn pengar til kampen mot kreft.

Ekstremt løp

Eit seksdagarsløp er eit såkalla ultraløp, noko som vil seie at distansen er lenger enn eit maraton.

– Det finst mange ulike typar, mellom andre nokre som går på tid, til dømes seks- og tolvtimarsløp, fortel Hellebø.

Løpet går over seks dagar der utøvarane må bu på, eller rundt stadion og springe minst 50 kilometer om dagen, 300 kilometer i alt.

Esben Rohit Hellebø

HÅPAR BEINA HELD: Esben Rohit Hellebø håpar mora er frisk nok til å sjå han fullføre løpet.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK