Hopp til innhold

I morgon spring han for å slette to 35 år gamle rekordar - igjen

Laurdag skal Marius Vedvik (21) prøve å slå Bjarne Huseklepp sine 35 år gamle rekordar på 20.000 meter og ein times løp.

Marius Vedvik

GIR ALT: Marius Vedvik gir jarnet laurdag for å ta endå to av rekordane som vart sette av Bjarne Huseklepp i 1978.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Ja, laurdag skal eg prøve å slå Bjarne Huseklepp sine rekordar igjen, seier Vedvik.

I juli sprang ungguten frå Førde 5.000 meter, også med same mål, nemleg å få slege den 35 år gamle rekorden som Huseklepp hadde på også den distansen. Det gjekk med eit naudskrik. Men ein hundredel var nok.

Dessverre er dette rekordforsøket underkjent.

– Eg slo rekorden, men løpet vart underkjent fordi det ikkje var lagt ut sarg (list lagt på indre kant av bana for å hindre at ein kan ta snarvegar). Men no er det lagt ut sarg, så då satsar vi på at det går i orden denne gongen, seier Vedvik.

Og berre så det er sagt, to veker seinare, sprang Vedvik same distanse i England. Då slo han Huseklepp sin rekord med ni sekund.

– Så det gjekk til slutt, seier Vedvik.

Må halde høg fart

Men han er spent på distansane laurdag. Bjarne Huseklepp sin rekord på ein times løp er 19.278 meter, medan han vart klokka inn til 1.02.18,4 på 20.000 meter.

Det betyr høg fart og vel så det, heile vegen.

– Det er sterke rekordar, så eg må nok springe fortare på den type løp enn eg har gjort før. Sjansane for å slå rekordane er mindre enn dei var på 5.000 meter, men eg har framleis eit håp om å klare det, seier Vedvik.

At det er vorte kaldare og våtare i vêret, er ikkje noko problem.

– Viss vinden held seg som i dag, og det er sju-åtte grader og regn, så er det optimale forhold for eit slikt løp, seier Vedvik.

Har persa på alle distansar

Han har ein god sesong bak seg.

– Det har stort sett gått bra. Eg har persa på alle distansar frå 800 meter til halvmaraton. Likevel har eg ikkje heilt fått det til i U23-EM i Finland og NM, så eg har svikta litt i viktige løp. Men det har gått bra i mange andre løp, så totalt sett har det vore ein god sesong, seier Vedvik.

Han har fått trent godt i heile år, og har sleppt heilt unna både skadar og sjukdom.

– Det har eigentleg fungert godt i heile år. Det einaste er at eg må trene meir, men det må eg berre gå gradvis framover med, seier Vedvik.

Satsar mot OL i Rio 2016

Han er frå Førde, men spring for Gular, og til dagleg studerer han samanliknande politikk i Bergen.

Og han har målsetjinga klar for seg.

– Eg har sett meg eit langsiktig mål om OL i Rio i 2016. Då snakkar vi 5000 og 10.000 meter, seier Vedvik.

Han likar begge distansane like godt, så kva han kjem til å satse på i forhold til OL, vil komme an på kor nært han ligg OL-kravet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarne Huseklepp og Marius Vedvik

TO STORE: T.v. Bjarne Huseklepp var til stades då Marius Vedvik slo den 35 år gamle rekorden hans på 5.000 meter i sommar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Håpar han klarar det

Den gamle friidrettskjempa, Bjarne Huseklepp, tykkjer det er stas at Vedvik går for to av rekordane hans.

– Eg tykkjer det er fint at nokon etter 35 år tek til å springe fort, seier Huseklepp og ler.

Men han er spent på om Vedvik kjem til å klare det.

– Han må springe fort. Det er snakk om 50 rundar med jamt, høg fart. Men det blir spennande å sjå, seier Huseklepp.

Han legg likevel til at det var andre tider for 35 år sidan, og mykje har endra seg til det betre.

– Då eg sette rekordane i Førde, sprang vi på noko eg kallar gummiasfalt. Det var ujamnheitar og sår i dekket, så det var ikkje berre å springe rett fram. Faren for å tråkke over, var stor, seier Huseklepp.

Kan ikkje vere til stades

Då han sette rekordane, sprang han i piggsko med 0,5 mm. piggar.

– Skotøyet den gongen var ikkje som no. Meg eg håpar han klarar det, seier Huseklepp.

Han var til stades då Vedvik så vidt tok rekorden hans på 5.000 meter i sommar. I morgon har han dessverre ikkje høve til å vere der for å sjå.

– Eg skulle så gjerne, men eg har 40 sider med laks som skal røykjast, så eg har ikkje tid. Men resultata skal eg få med meg, seier Huseklepp.