Hopp til innhold

Skal sjå på seks ulike alternativ

Balestrand kommune har bestemt seg for å greie ut seks ulike alternativ for kommunesamanslåing.

Harald Offerdal

KOMMUNESAMANSLÅING: Ordførar Harald Offerdal (Ap) og dei andre kommunepolitikarane vil vurdere mange alternativ for kommunesamanslåing.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi går breitt ut med ulike utgreiingsalternativ, og så er dei meininga at vi skal snevre dette inn i aprilmøte.

Etter kommunestyremøtet i går vil ikkje Offerdal peike på noko alternativ som meir realistisk enn andre. Fram til møtet i april skal dei sjå på seks ulike alternativ:

  1. Kommunane på nordsida av Sognefjorden, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Høyanger.
  2. Storkommune i Sogn, med alle kommunane frå Årdal til Høyanger.
  3. Storkommune med Sunnfjord og Sogn. Det er Førde, Jølster, Naustdal, Gaular, Høyanger og Balestrand.
  4. Høyanger og Balestrand
  5. Balestrand held fram som eigen kommune.
  6. Balestrand, Høyanger og Hyllestad.

Så langt er det berre Høyanger og Hyllestad som har tatt kontakt med Balestrand.

– I kommunestyret var det mange ulike synspunkt, og vi må vel og ta ein kontakt med Vik på sørsida av Sognefjorden.

Også innbyggarane i kommunen blir trekte inn før Balestrand kommune skal ta endeleg standpunkt til kva alternativ dei skal velje.

– Det blir folkemøte i månadsskifte februar – mars og i slutten av mars gjennomfører vi ei innbyggarundersøking, før vi endar opp med ei endeleg avgjerd i april.