Talkmølla i Framfjorden på 1930-talet og i 2007 - TALKMØLLE: Slik såg det ut i Framfjorden på 1930-talet og i 2007. No er det slutt på drifta ved talkmølla. - Foto: Montasje/Privat/Ottar Starheim /

TALKMØLLE: Slik såg det ut i Framfjorden på 1930-talet og i 2007. No er det slutt på drifta ved talkmølla.

Foto: Montasje/Privat/Ottar Starheim

Skal rive gamalt kulturminne

Fylkesmannen har gitt løyve til å rive gamle Framfjord talkmølle i Vik.

– Det er vel 99 prosent sikkert at det blir riving. Den einaste som kan hindre det, er vel Riksantikvaren, men så langt tyder lite på at han vil gripe inn, seier styreleiar Thomas F. Bech i Foreininga Talkmølla til Bergens Tidende.

Den lokale foreininga vil helst ta vare på bygget som eit kulturminne, men vedtaket frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er endeleg – og kan ikkje klagast på.

Drifta ved talkmølla i Framfjorden kom i gang med 100 arbeidarar så langt tilbake som i 1907. Drifta vart stoppa i 2002.

– Vi vil rydde opp etter oss og forlate Framfjord på ein skikkeleg måte etter 100 års drift, seier administrerande direktør Per-Gunnar Leversund i Norwegian Talc til Bergens Tidende.

Talkummølla i Framfjorden - NEDLAGT: Drifta ved talkmølla i Framfjorden vart lagt ned i 2002. No skal bygningen rivast. - Foto: Ottar Starheim / NRK

NEDLAGT: Drifta ved talkmølla i Framfjorden vart lagt ned i 2002. No skal bygningen rivast.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.