Hopp til innhold

Skal konkurrere mot verdas beste

Spente og sterke utøvarar frå Sogn og Fjordane er klare for VM i benkpress. Sjå video!

Roger Navarsete

TUNGE LØFT: Roger Navarsete trenar jamnt for å halde styrken ved like. Han trur han skal klare 250 kilo i VM.

Foto: Skjermdump frå YouTube

2. pinsedag startar verdsmeisterskapen i Kaunas i Litauen der 300 sterke menn og kvinner frå heile verda kjempar om å løfte mest i benkpress.

Heile tre utøvarar frå Sogn og Fjordane er med i den norske troppen: Dag Andre Mo, Roger Navarsete og Fredrik Myrvang. Både Navarsete og Myrvang er juniorar på siste året, medan Mo er senior.

Trur på 250 kilo

Då NRK.no ringjer, sit Myrvang og Navarsete på Gardermoen. Om kort tid går flyet som skal ta dei til VM i Litauen.

Roger Navarsete

GLER SEG: Roger Navarsete frå Sogndal håper å hevde seg heilt i verdstoppen.

Foto: Anna Gytri / NRK

23 år gamle Roger Navarsete frå Sogndal er spent. Dei siste vekene har det meste av fokuset vore på god trening og nok kvile.

– No skal eg prøve å gjere ein god figur og hevde meg i toppen i mi klasse, seier Navarsete.

Har har drive på med benkpress i mange år og er med i VM for andre gong. Sist enda han på 5. plass.

Den personlege rekorden er 245 kilo og han har eit mål om å klare litt meir i Litauen.

– Eg har eit mål om 250 kilo. Har eg dagen og alt klaffar, er det mogleg, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

I videoen kan du sjå korleis han har trena seg opp mot VM.

– Eg er nok ein underdog

Fem dagar i veka går med til varierte benk-øvingar og ulike vekter. Det er viktig med kontinuitet og jamn trening.

– Det er viktig å halde ved like styrken. Eg passar også på å halde vekta opp. Det er kanskje litt rart på denne tida av året, men er ikkje interessert å gå ned i vekt, ler Navarsete som stiller i 93-kilosklassen.

Navarsete skal i elden onsdag og ventar hard motstand, særleg frå to karar frå Ukraina og Kasakhstan som begge klarer 270 kilo.

– Dei stikk nok av med topplasseringane, så kampen blir om 3. plassen og nedover, seier han.

– Eg ser på meg sjølv som ein underdog. Eg har håper å overraske under dette VM-et. Får eg ut det beste, kan det bli bra, trur Navarsete.

Håper nervane held

Fredrik Eskil Myrvang

VM-DEBUT: Fredrik Eskil Myrvang frå Naustdal skal prøve seg i VM for aller første gong.

Foto: Anna Gytri / NRK

22-åringen Fredrik Myrvang frå Naustdal konkurrerer i 53-kilosklassen. Dette blir den første sjansen hans i eit VM.

– Eg satsar først og fremst på å få godkjent resultatet og vere nøgd med eiga løfting, seier han.

Tidlegare har han vore med på nordiske meisterskap og nokre små internasjonale stemne.

– Det verkeleg trøkket med VM har eg ikkje vore borti før, så det blir spennande å sjå korleis nervane utarter seg.

Trur han klarer opp mot 150 kilo

Han håper på eit opningsløft på 140 kilo og kanskje klare opp mot 150 kilo om han har dagen.

– Dette blir veldig spennande. Eg skal konkurrere mot ein russar som har klart 150, så det blir gøy å måle meg mot han, seier Myrvang.

Før meisterskapen har det gått mykje tid til trening, også for Fredrik Myrvang.

– Eg har trena jamt og trutt med eit veldig bra treningsopplegg frå landslagssjefen. Eg har fått god oppfølging, ete og sove skikkeleg.

– Kor spent er du no?

– Eg kjenner på at trøkket er der allereie, men reknar med at det blir eit mykje større trøkk på stadion, seier han.