Hopp til innhold

Han er trygg på at det blir nok kundar til eit fjernvarmeanlegg i Førde

Sunnfjord Energi jobbar med å etablere eit fjernvarmeanlegg i Førde og er no på friarferd for å sikre finansieringa.

Olav Osvoll

HAR GOD TRU PÅ PROSJEKTET: Stasjonssjef Olav Osvoll.

Foto: Anna Gytri / NRK

Selskapet har alt fått konsesjon frå NVE og vil bruke sjøvatn frå Førdefjorden til oppvarming og kjøling av bygg.

Stasjonssjef Olav Osvoll i Sunnfjord Energ er trygg på at dei skal få på plass pengane som trengst for å ta planane vidare.

– No jobbar vi med finanseringa av selskapet, vi har fått konsesjon, vi har fått ENOVA-støtta, så no jobbar vi med å finne partnerar, og vi har på plass halvparten av eigenkapitalen.

Det har lenge vore planar om eit fjernvarmeanlegg i Førde. Men selskapet som fekk konsesjon til eit anlegg basert på biobrensel i 2007 greidde ikkje kome i land.

Satsar på sjøvatn

No satsar Sunnfjord Energi på ny, selskapet Førdefjorden Energi er i ferd med å bli stifta. Og som namnet tilseier, sjøvatn er den reine råvara.

– Dette selskapet skal produsere varme og kjøling basert på energien som ligg i Førdefjorden.

Olav Osvoll med fjernvarmekart

STUDERER KARTET: Olav Osvoll er trygg på at det blir nok kundar.

Foto: Anna Gytri / NRK

140 millionar kroner

– Dette er det siste nye?

– Det er det miljømessig riktige. Det vil vere ei konvertering av oljekjelar og elkjelar over på ein fornybar og rein energi.

Det er i hovudsak eigarane av dei store bygga i Førde sentrum, på Hafstad og oppover mot Brulandsvellene som er rekna som potensielle kundar.

Totalt skal det investerast 140 millionar kroner gjennom det nye selskapet, og halvparten av eigenkapitalen er allereie på plass, seier Osvoll. No frir dei til andre lokale aktørar.

– No skal vi opne for å ta med lokale investorar i Førde. Samstundes jobbar vi med å få kundar, vi er nøydde til å signere ein del kontraktar før prosjektet kan starte.

– Og du er trygg på at de får nok kundar?

– Ja, det er eg trygg på. Dette blir bra.