Hopp til innhold

Skal ha feilinformert om ferjebråk - no tek ho sjølvkritikk

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes skal ha feilinformert fylkesutvalet om bråket i Fjord1. No tek ho sjølvkritikk og lovar å betre informasjonsflyten.

Fjord1 og Åshild Kjelsnes

TEK SJØLVKRITIKK: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier ho har teke innover seg at informasjonsflyten ikkje har vore god nok.

Foto: /Guro Kvalnes / montasje

Kjelsnes har i eit fylkesutvalsmøte sagt at det er god tone mellom dei to eigarane av selskapet, men NRK kjenner til at medeigar i Fjord1 Per Sævik i Havilafjord ikkje stilte i generalforsamling i protest mot hennar behandling av han som medeigar.

– Når det gjeld min informasjonsflyt, så har eg eit forbetringspotensial. Det har eg teke innover meg og etablert nye rutinar, seier ho.

Sa det var ei tillitserklæring

Åshild Kjelsnes er i hardt ver etter det fire timar lange lukka møtet i Fylkesutvalet onsdag der bråket kring Fjord1 blei diskutert. To styremedlemmer har trekt seg på grunn av styret si leiing og rekneskapsføringa til selskapet.

Alt 23. mai bad politikarane om svar på stoda i selskapet. Då sa Kjelsnes at ho var nøgd med styrearbeidet. Ho sa også at ho såg på det som ei tillitserklæring at medeigar Per Sævik hadde gitt ho fullmakt til å stille for han som medeigar i generalforsamlinga til Fjord1.

Droppa møte i protest

Men fråværet frå generalforsamlinga var alt anna enn ei tillitserklæring. NRK kjenner til frå fleire kjelder at Sævik ikkje møtte i generalforsamling i protest og frustrasjon. Han ville ha eit eigarmøte med Kjelsnes før generalforsamlinga for å stake ut kursen framover etter at to styremedlemmer hadde trekt seg i protest, det fekk han ikkje innvilga før etter generalforsamlinga.

Sævik skal også ha vurdert å ikkje utnemne ein ny representant i styret for Havilafjord og sjølv gå av som observatør i styret.

– Eg kommenter ikkje dette ytterlegare, seier Kjelsnes.

– Kan du seie om du informerte korrekt 23. mai?

– Eg meiner eg ikkje har informert feil. Eg vil ikkje kommenterer dette ytterlegare.

– Men kva har skjedd?

– Eg vil eigentleg ikkje kommentere ting eg meiner er interne, men det eg kan seie er at det er forbisnakking. Då eg blei klar over at det var ønskje om eigarmøte i forkant, så prøvde eg å rette for det. Men då var tida blitt for knapp i forhold til at folk ikkje er på same plass heile tida. Det er skværa opp i, seier Kjelsnes.

Journalførte ikkje epostar

I alt 15 epostar skal ha gått mellom Kjelsnes og Per Sævik. Men ingen av dei er journalførte av fylkeskommunen. Tidlegare har Kjelsnes fått kritikk for å ikkje ha journalført ein annan epost frå avgått styremedlem Eva von Hirsch.

Den gongen kalla sekretariatsleiar Knut Henning Grepstad dette for ein glipp. No etter at ytterlegare 15 epostar har kome fram i dagen, tek ho altså sjølvkritikk.

– Det betyr at eg har hatt for dårlege rutinar på somme område. Det har eg teke lærdom av og etablert nye rutinar, seier ho.

Fleire er kritiske

NRK har vore i kontakt med alle fylkesutvalsmedlemmer og styremedlemmer i F1 Holding som var til stades på møtet onsdag. Ingen vil la seg intervjue om detaljar under møtet, men er skarp mot Kjelsnes for dårleg informasjonsflyt. Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet er ikkje nøgd.

Frank Willy Djuvik

MISNØGD: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet er ikkje nøgd med informasjonsflyten.

Foto: Benedicte Hole / NRK
Jenny Følling

KRITISK: Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) seier fylkesutvalet burde blitt informert meir fortløpande.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi må sørgje for at alle i fylkesutvalet har korrekt informasjon til rett tid. Eg meiner det er kritikkverdig at ein ved fleire høve opplever at innkommande korrespondanse til fylkeskommunen ikkje er journalført på rett måte, seier Djupvik

Kritisk er også fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

– Eg trur det hadde vore tenleg om fylkesutvalet hadde blitt informert meir fortløpande om kva som var situasjonen, seier ho.

Gruppeleiar for Høgre, Noralv Distad, seier at for å gjere jobben sin er dei avhengige av god informasjon. Også styremedlem i Fjord1 Holding, Alfred Bjørlo, er oppgitt over det som har skjedd.

– Det er mykje å gå på når det gjeld god informasjonsflyt. Den må bli betre og det har eg også meldt frå om som styremedlem i Fjord1 Holding.

NRK har vore i kontakt med Per Sævik som ikkje vil kommentere saka. Han seier dei jobbar med å få på plass ny styrerepresentant, og kan ikkje svare på om han held fram som observatør i styret.