Hopp til innhold

Skal gjere det same som faren

Flypioneren Thor Solberg var den første som kryssa Atlanterhavet med fly. 75 år etter skal sonen, Thor Solberg jr. gjere det same.

Thor Solberg jr.

Thor Solberg jr. skal fly same ruta som faren 75 år etter. Her med eitt av småflya hans i bakgrunnen.

Norsk-amerikanaren Thor Solberg, som vart fødd i Florø, skreiv seg inn i historiebøkene då han flaug frå USA til Norge i 1935. Ingen andre hadde gjort det same før han.

No skal sonen, Thor Solberg jr., legge ut på det same toktet som faren. Klokka fire fredag landar han i Bergen og flyr så vidare til Florø. Men denne gongen er det med eit moderne «businessjetfly».

(Artikkelen held fram under biletet)

Flyruta til Thor Solberg

Her er flyruta som Thor Solberg la ut på for 75 år sidan.

– Veldig stort

– Dette er veldig stort for han og noko han har sett fram til i mange år. Det blir på ein måte ein draum som blir til verkelegheit, seier John-Sigurd Solberg.

Han er i slekt med Solberg jr. og har nær kontakt med han.

– Det faren gjorde var ei bragd. Thor jr. har også flyginga i blodet og er levande oppteken av det. Det blir enormt stort for han å oppleve det same som faren gjorde, seier han.

Utdanna tusenvis av flygarar

Statue Thor Solberg

Dennen statuen av Solberg står utanfor flyplassen i Florø.

Thor Solberg vart fødd på Solberg nord for Florø 26. mars 1893. Han hadde sin eigen flyplass utanfor New York der han dreiv flyskule og firma for omsetnad av fly og flymateriell. I 1957 starta han også sitt eige flyselskap og flyskular med baser i Bergen og i Tønsberg. Han døydde 26. februar 1967.

I august vart den historiske flyturen sitt 75-årsjubileum markert ved statuen av Thor Solberg på flyplassen i Florø, med familie, politikarar og mange andre til stades.

Solberg åtvara personleg president Roosevelt og spelte ei avgjerande rolle i at tyskarane ikkje fekk etablert ein strategisk base på Grønland. Han sytte også for tusenvis av amerikanske flygarar under den andre verdskrigen.

– Vi gler oss

– Turen for 75 år sidan tok 46 timar fordelt på ein heil månad. Eg trur turen som Thor jr. skal legge ut på no til veka tar under ti timar. Han har i alle fall moderne instrument å ta seg fram med, og langt betre komfort enn det var på 30-talet, seier John-Sigurd Solberg.

Han og resten av familien skal ta imot slekningen når han landar i Florø.

– Vi gler oss veldig. Dette er stort, seier han.

Flyet til Thor Solberg

Flyet som Thor Solberg brukte frå USA til Norge.