Hopp til innhold

Skal byggje smartare med ny forsking

Eit nytt, stort forskingsprosjekt skal gjere kommunane betre rusta til å tilpasse utbygging til klimaendringane.

Flåmselvi sine herjingar

STORE SKADER: Flaum gjer stadig store skader på Vestlandet. Biletet er frå ein storflaum Flåmselvi i Aurland i oktober 2014.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vestlandet vart for kor tid sidan råka av flaum på nytt. Stadig meir ekstremvêr gjer at utbetalingane for naturskadane aukar kraftig.

Målet med det nye forskingsprosjektet er å svare på viktige spørsmål om framtidig utbygging, seier Steffen Gjørva i Tryg Forsikring.

– Kor er dei mest utsette for skader i framtida, kor skal ein tillate husbygging og kor skal ein ikkje, kor er det risiko for skred, kor seg ein føre seg at dei stadig vil bli utsette for flaum og liknande. Og i andre omgang, kva kan ein gjere for å tilpasse seg og førebyggje, seier Gjørva.

Må betale ut stadig meir i erstatning

Då regnet bøtta ned på Vestlandet like før jul, i kombinasjon med snøsmelting, kom Jølstravatnet inn i kjellarstova til Katrin Heggheim Nilsen for andre gong på eitt år.

– Eg blir berre trist. Vi har jobba så knallhardt for å få dette bra, sa ho til NRK.

Berre seks månader etter at dei var ferdige med reparasjonane etter sist flaum, må ho til på ny. Slik blir det stadig meir av, i takt med meir ekstremvêr, seier Gjørva.

– Dette er ille for dei som opplever det, men også eit tankekors for oss, då det i aukande grad kostar pengar.

I fjor stod ho til knes i vatn heime i kjellarstova. Berre eit år seinare, skaper vatnet frykt på nytt.

SJÅ TV-SAK: Katrin Heggheim Nilsen og sambuaren var nettopp ferdig med å ordne opp etter den førre flaumen i kjellaren. Så kjem vatnet piplande inn igjen.

«Spår» framtida

Difor er Tryg Forsikring med i forskingsprosjektet Hordaklim. Det er eit samarbeid mellom Uni Research, Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret. I første omgang er prosjektet for kommunar i Hordaland, men måler er at det skal bli nasjonalt.

– Med utgangspunkt i klimamodellane til FN, nedskalerer dei det slik at den enkelte kommune enkelt skal kunne sjå korleis den framtidige klimautviklinga vil arte seg hos dei, forklarar Gjørva.

For kommunane har fått kritikk for dårleg tilpassing. NRK har tidlegare fortalt om eit omfattande forskingsprosjekt frå Vestlandsforsking. Det slo fast at sju av ti større naturskadar på Vestlandet dei siste ti åra kunne vore unngått, dersom kommunane hadde teke omsyn til lokalkunnskap og tidlegare hendingar før det vart bygd ut.

– Må sjå framover

– Attraktive plassar å bu er ofte på utsette stader, seier informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.

Også han ber kommunane ta dette på største alvor.

– Det er viktig at kommunane ser framover og sikrar at det ikkje blir bygd i utsette område.

Erstatningsbeløpet etter naturskadar i 2015 ligg an til å bli på over 1,5 milliard kroner. Dobbelt så mykje som året før.

Tun i Aurland 2014

FLAUM: Når elvar går over sine breidder gjer dei store skader på kort tid. Biletet er frå eit tun i Aurland etter flaumen hausten 2014.

Foto: Jan Christian Jerving