Hopp til innhold

Vil ha fleire som Massoma

FØRDE (NRK): No skal fleire gjere som Massoma Jurmy (17) på nett. Det vil fylkeskommunen i Sogn og Fjordane legge til rette for.

Massoma Jurmy er nynorskbloggar

NYNORSKBLOGGAR: Massoma Jurmy (17) bloggar om mote, kvardagsliv og politikk på bygdejenta.no

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Eg blogga på bokmål før, men det blei heilt annleis og mykje vanskelegare. Det kom liksom ikkje naturleg, fortel Massoma Jurmy (17).

Førdianaren bloggar på nettsida bygdejenta.no og er ein av få bloggarar frå fylket som no bloggar på nynorsk. Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane vil inspirere fleire til å gjere det same.

Nytt bloggprosjekt

Kulturavdelinga ved fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har i år tatt initiativ til prosjektet «Mine meiningar på mitt språk» – eit bloggprosjekt der målet er å inspirere til meir skriving på nynorsk.

– Vi ynskjer at ungdom skal få lov å formidle seg fritt på sitt eige språk. Med dette kurset håpar vi å gi ei lita gruppe ungdom opplæring og inspirasjon til å ytre meiningane sine på nynorsk, forklarar Sigrun Espe, rådgjevar i kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er totalt ti unge mellom 15–27 år som blir utvalde til å delta på kurset, i tillegg til at dei vil få eit bloggstipend på 5000 kroner. Bloggarane må bu i fylket og forpliktar seg til å skrive tre blogginnlegg om tre ulike tema på nynorsk, og publisere desse både på eigen og ein fylkeskommunal blogg.

Bokmål dominerer på nettet

Ifølgje Espe vel mange unge å skrive bokmål for å stå fram som meir vanleg då bokmål klart er mest brukt på nett.

– Mange unge seier dei føler seg annleis og mindre forstått når dei skriv på nynorsk, forklarar Espe.

Likevel føretrekker Massoma Jurmy å skrive på nynorsk. Då ho blogga på bokmål fekk ho skrivesperre og ho stod fram som mindre ekte.

Fekk god respons

Jurmy bloggar no på nynorsk, og får gode tilbakemeldingar på sitt val av målform.

Likar å vere bygdejente

BYGDEJENTA: Sjølv om Massoma frå Førde eigentleg ikkje bur i ei bygd, valte ho å kalle seg for bygdejenta for å vere lettare å hugse for lesarane

Foto: Arianrhod Engebø

– Det er mange som seier det høyrer til å blogge på nynorsk dersom bloggaren kjem frå stader der dei brukar nynorsk, seier Jurmy.

Ho trur også at å bruke nynorsk er ein stor fordel når ho tar opp lokale saker på bloggen, då det kan hjelpte til å engasjere fleire.

Etter Jurmy skifta tilbake til å blogge på nynorsk har ho også fått kommentar av fleire som blei inspirert til å sjølv blogge på nynorsk.