Hopp til innhold

Sender skremmeskot til verdseliten

VM-helten Johannes Thingnes Bø (21) varslar at han skal bli endå betre i vinter.

Thingnes Bø

SATSAR HARDT: Johannes Thingnes Bø har nytta april til å lade batteria fram mot ei ny sesongoppkøyring. Han er motivert til å satse endå hardare.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg prøver å løfte nivået eit par hakk på dei ulike delane. Då blir toppnivået mitt endå litt høgare, seier Johannes Thingnes Bø.

Han har lagt bak seg om lag ein månad nesten utan trening etter pangsesongen han krona med VM-gull på sprinten i Kontiolahti. No er han så smått i gang med oppkøyringa til neste vinter.

Han kjem med eit skremmeskot til resten av verdseliten: 21-åringen skal bli endå betre.

– Kor mykje betre kan du bli?

– Det veit eg ikkje. Men eg er framleis ung, så eg vel å tru at eg har betre dagar i vente. Eg må berre trene og gjere ting rett heile døgnet gjennom heile året – då blir det veldig, veldig bra, seier Thingnes Bø.

Fekk brest i eit ribbein, men er klar igjen

Skiskyttaren har siste året hatt om lag 700 treningstimar, og har planar om å auke litt på dette den kommande sesongen. Utan at det blir den heilt store auken.

– Opplegget mitt har fungert godt i to sesongar. Eg har liksom funne mi greie. Og då vil eg byggje vidare på det. Men eg har ein plan om å auke litt kvart år i åra framover, seier Thingnes Bø.

Han har nytta april til å lade batteria og finne motivasjon til å satse ein ny sesong. Mellom anna har han signert for Stryn Fotball i 3. divisjon. Men førebels har han ikkje fått speletid.

På trening med sine nye lagkameratar fekk han like godt ein brest i eit ribbein.

– Eg fekk meg ein liten støkk, men kjenner ingenting til det no. Eg er hundre prosent klar for sesongoppkøyringa, seier Thingnes Bø.

Egil Gjelland

NØGD: Trenar Egil Gjelland meiner Johannes Thingnes Bø er smart på trening.

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

Trur eleven kjem til å bli endå betre

Thingnes Bø har dei to siste vintrane etablert seg i den ypparste verdseliten. Først med fem verdscupsigrar i sesongen 2013–2014. Sesongen etter vart det tre verdscupsigrar og tre VM-medaljar – krona med gull på VM-sprinten.

Landslagstrenar Egil Gjelland meiner Thingnes Bø kjem til å bli endå betre.

– Han har utvikla seg bra det siste året. Han er ein god løpar som tek eitt steg om gongen. Det viktigaste er at han klarer å halde fram med det, seier trenaren.

– Johannes er ikkje den som trenar mest, men han er god på trening. Det er det som gjer at han er så god som 21-åring, seier Gjelland.

– Kor god kan han bli?

– Han er jo blant verdas beste skiskyttarar allereie i dag. Så han kan heilt klart bli aller best.