Hopp til innhold

Her blir skadd skiløpar berga av redningshelikopteret

Ein mannleg skiløpar er skadd etter at han køyrde inn eit tre i nedkøyringa til Gunvordalen i Sogndalsdalen. Ved eittida i natt blei mannen frakta med redningshelikopter til Førde sentralsjukehus.

Ein mannleg skiløpar er skadd etter at han køyrde inn eit tre i nedkøyringa til Gunvordalen i Sogndalsdalen. Ved eittida i natt blei mannen frakta med redningshelikopter til Førde sentralsjukehus.

– Mannen er henta opp av redningshelikopteret, opplyser NRK sin fotograf på staden klokka 00.50.

Klokka 00.20 opplyste politiet at redningshelikopteret hadde lokalisert pasienten og dei to skikameratane hans.

– Dei har sett ned lege og redningsmann ved pasienten, medan dei ventar på at mannskap frå Røde Kors skal kome fram til staden, sa operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt, til NRK.

Det er førebels ikkje kome ut opplysningar om tilstanden til skiløparen. Politiet fekk melding om ulukka klokka 22.12, og melde seint måndag kveld at Røde Kors var kalla ut for å få skiløparen ned frå fjellet.

– Redningshelikopteret i Florø er også kalla ut for å bistå i redningsaksjonen, opplyste politiet til NRK.

Det var AMK ved sentralsjukehuset i Førde som fekk oppringinga om ulukka, og dei held no kontakt med turfølgjet som var med skiløparen.

– Dei er tre kameratar i følgje, og ulukka skjedde då dei var på veg ned att i eit område med tett skog. Skiløparen køyrde inn eit tre, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør- Norge, Eirik Walle.

Ulukka skjedde i området ved Svartholten, mellom Blåfjellet og Gunvordalen. Dette er eit svært populært område for skikøyring.

Røde kors i Sogndalsdalen

RØDE KORS PÅ PLASS: Mannskap frå Røde Kors var raskt på plass for å hjelpe til med å få den skadde mannen ned frå fjellområdet der han kolliderte med eit tre.

Foto: Christian Blom / NRK
Svartholten