Hopp til innhold

Skadar for ein kvart milliard

Den endelege prislappen på skadane etter storflaumen i fjor haust nærmar seg ein kvart milliard kroner i Aurland.

Store øydeleggingar etter flaumen i Flåm

STOR SKADE: Slik såg det ut i Flåm etter storflaumen i oktober i fjor.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det er klart etter at lensmannskjønnet langt på veg er ferdig. I løpet av vinteren og våren er det gjennomført 50 såkalla lensmannskjønn. Skjønnsstyrar Atle Førde seier desse skadane er på nær 20 millionar kroner.

– Dei skadane som har blitt behandla i naturskadefondet har gått på dyrka mark, private bruer, vegar og gjerde og den type ting, fortel Førde.

Flaumprisen nærmar seg

Nær 200 personar vart evakuerte og 13 bustader totalt øydelagde i oktoberflaumen i fjor. No nærmar den endelege prislappen seg.

NVE og Jernbaneverket registrerte skader for 65 millionar kroner langs elvene. Energiverket to millionar, medan kommunen fekk 78 millionar kroner i skjønnsmidlar til å dekke skader på infrastruktur. Fylkesvegnettet vart skadd for kring 30 millionar kroner.

Tal frå Finans Norge viser at forsikringsselskapa har fått 717 krav om totalt 326 millionar kroner i erstatning etter flaumen. For Aurland er beløpet 46 millionar, fordelt på 69 saker.

Halvparten av sakene klare

Lensmann i Høyanger, Atle Førde.

SNART FERDIG: Skjønnstyrar Atle Førde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Så kjem 50 lensmannsskjønn, som varierer frå 300 000 kroner til 1,5 millionar kroner.

Atle Førde seier Naturskadefondet har fatta vedtak i kring halvparten av sakene. Ei sak er sendt til tingretten for overskjønn.

– Dei aller fleste sakene er handsama ferdig frå vår side, og oversendt til Naturskadefondet for handsaming. Ein del av sakene som er sendt inn er allereie klare med vedtak om erstatning til dei skadelidne, seier Førde.