Hopp til innhold

Redda ut av fjellheimen etter fall

Ein person er skada etter eit fall, og vart frakta ut av fjellheimen i Luster med redningshelikopter.

Ulukke

– Han vart henta ut rundt klokka 17.30 og blir frakta til Førde sentralsjukehus. Det er ikkje snakk om livstrugande skader, seier redningsleiar ved hovudredningssentralen, Siv Namork.

Ulukka har skjedd nord for Ringstindane, ei kjede med fleire tindar, i Luster kommune. Klokka 17.24 melde politiet at mannen er skada i eit kne.

Fleire ting gjorde redningsoppdraget vanskeleg, sa Namork før helikopteret var framme.

– Det er veldig bratt i området, men det er ikkje noko problem for redningshelikopteret. Men det er mykje vind og høgt oppe. Kombinasjonen av høgde og turbulens kan gjere det vanskeleg å få heise personen ut.

Det er eit reisefølgje på over 10 personar saman med mannen, og det var følgjet som melde frå om ulukka. I tillegg til redningshelikopteret har også Røde Kors rykka ut.

– Personen er ikkje mobil, kan ikkje ta seg sjølv ned frå fjellet. Vi veit per no ikkje kor alvorleg skadane hans er, sa Kjetil Drange, operasjonsleiar hjå politiet, klokka 16.45.