Hopp til innhold

Skada Grodås mister halve sesongen

Men likevel er Sogndal-spelaren letta over at det ikkje gjekk verre ...

Victor Grodås

HELL I UHELL: Victor Grodås (med ballen) rauk det bakre korsbandet sitt under trening på Gran Canaria. No kan han ikkje spele fotball dei neste månadane. Men ein operasjon kunne sett venstrebacken ut av spel heile sesongen. Arkivfoto frå fjorårets sesong der Grodås peika seg ut som ein nøkkelspelar i Sogndal sitt forsvar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Då Sogndal fredag kveld møtte Raufoss til treningskamp i Sognahallen var det utan forsvarsspelaren Victor Grodås.

På siste treninga til Sogndal på Gran Canaria for ei veke sidan, rauk han det bakre korsbandet. Kneskaden sett han ut av spel halve sesongen.

– Det er veldig kjedeleg å ikkje vere med å trene og førebu meg på Tippeligaen som eg har drøymt om heile livet. Men eg skal gjere alt eg kan for å vere klar så fort som mogleg, for eg vil jo vere med og bidra i år også, seier Grodås, som debuterer i eliteserien.

Heile sesongen stod i fare for å ryke

Men han hadde hell i uhell. Med ein operasjon kunne han vore ute heile sesongen.

– Når du tek det bakre korsbandet er det ikkje like alvorleg som det framme. Men i enkelte tilfelle må likevel du operere. Det måtte ikkje eg, fortel han.

– Var du nervøs for å miste heile sesongen?

– Med ein gong tenkjer du det verste og du bur deg på det, så får alt anna vere ei positiv overrasking. Men no ser det veldig bra ut.

Sogndal - Raufoss

SOGNDAL – RAUFOSS: Victor Grodås gjekk glipp av fredagens treningskamp mot Raufoss i Sognahallen. Stillinga enda 1–1. Gilbert Koomson sette ballen i mål for vertane.

Foto: Arve Uglum / NRK

I staden for å sitje på sidelinja og følgje lagkameratane er Grodås i Oslo med legar og spesialistar. Fredag fekk han beskjeden han hadde venta på, det blei ikkje operasjon. Men det er framleis ikkje heilt spikra. Onsdag skal han på sin siste kontroll.

– Det er ikkje heilt stadfesta, men veldig sannsynleg, seier han og legg trykk på «veldig».

– No har eg fått på ei skinne som eg skal bruke i seks til åtte veker og late det gro, og så skal eg trappe opp treninga gradvis etter det. Eg får nok god oppfølging hos fysioterapeut i Sogndal, seier Grodås.

– Kjedeleg å miste han

Og god oppfølging, det kan trenar Eirik Bakke love han.

– Han er i dei beste hender, seier han.

Men likevel synest Bakke det er trasig å miste han i sesongstarten.

– Det er spesielt kjedeleg for han som hadde gledd seg til å spele i Tippeligaen, men skadar veit vi aldri når kjem. Det er kjedeleg for alle, men det er ein del for fotballen.

Eirik Bakke og Terje Skjeldestad på treningskamp

OPPKØYRING: Trenar Eirik Bakke og assistenttrenar Terje Skjeldestad følgde nøye med på spelarane sine i kampen mot Raufoss. Bakke skulle helst sett at også Grodås var med.

Foto: Arve Uglum / NRK

Også han er letta over at ikkje heile sesongen ryk.

– Di kortare tid han er ute di betre er det, seier Bakke.

Sjølv har trenaren fullt fokus på dei to treningskampane denne helga.

– Det viktigaste no er å kome i god fysisk form så vi er godt førebudde på det som møter oss i mars.

Fredagens kamp mellom Sogndal og Raufoss i Sognahallen enda 1–1. Gilbert Koomson scora for Sogndal.