Hopp til innhold

Sju månadar fengsel for livsfarleg vald

Ein mann frå Sunnfjord er i Fjordane Tingrett dømd til sju månadars fengsel for vald.

Fjordane tingrett 12
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Offeret for valden vart slått medvitslaus, og fekk ein brotskade og hjerneskaking. Det tok over to månadar før han vart heilt friskmeld.

Mannen som utførte valden forlèt offeret etter ugjerninga. Retten vurderer at tiltalte forlèt fornærma i ein situasjon som representere fare for liv, lekam eller helse.

Retten har vurdert at den dømde mannen ikkje handla i nødverje.

Den dømde varsla politiet rundt 10 minutt etter hendinga, men då var politiet og ambulanse allereie på veg etter at andre varsla politiet. Retten vurderer at dei 10 minutta kunne utgjort fare for dei frie luftvegane og svelging av tunge.

I utgangspunktet meiner retten at valden og at den dømde forlèt åstaden kvalifiserer til kring 10 månadar fengsel. Retten finn det skjerpande at den dømde er dømd for lekamskrenking tidlegare. Fleire høve tel også i formildande retning, mellom anna at den dømde melde seg sjølv til politiet og erkjente ugjerningane i retten.

Mannen er dømd til sju månadar fengsel og han må betale 58.000 kroner i oppreisning til offeret.