Hopp til innhold

Ungdommar har blitt sju kilo tyngre på 14 år - uroa over utviklinga

Ungdom i Sogn og Fjordane har i snitt lagt på seg sju kilo dei siste 14 åra.

Overvekt

STADIG TYNGRE: Mange born slit med overvekt, og mange foreldre tykkjer det er vanskeleg å fortelje borna at dei er for store. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Colourbox

Snittvekta på sesjon har auka med heile sju kilo i fylgje Statistisk sentralbyrå, det er den største auken i Norge. Ein gjennomsnittleg mannleg 18-åring frå Sogn og Fjordane er no 80 kilo tung.

Helserådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Bjørg Eikum Tang ser ei kritisk utvikling for folkehelsa.

Ho meiner politikarane må innsjå alvoret og innføre ein time med fysisk aktivitet i skulen kvar dag.

– Dette er ein helserisiko og noko bør gjerast. Det at vi ikkje har fått til ein time med fysisk aktivitet kvar dag i skulen, er berre sørgjeleg.

Ho meiner at å innføre dette i skulen vil nå alle, uansett sosial bakgrunn og kva livsstil foreldra har.

– Det er mange tilbod utanom skuletid, men det er ikkje alle som blir med på aktivitetar utanom skuletid.

– Vi må snakke om det

Kristina Kostopolous

ALLE HAR ANSVAR: Folkehelsekoordinator i Eid kommune, Kristina Kostopoulos, seier noko må gjerast.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Sjølv om alle i snitt legg på seg, er det på bygda at ungdomen er tyngst og det er der vekta aukar raskast.

Tidlegare denne veka kom det fram at unge menn på sesjon i Oslo er nesten sju kilo lettare enn i Sogn og Fjordane, tilbake i 1997 var skilnaden vel to kilo.

På Nordfjordeid ser folkehelsekoordinator i Eid kommune, Kristina Kostopoulos, at born og unge blir tyngre.

– Det er veldig utfordrande for mange å vere overvektige. Det er sosialt stigmatiserande og på mange måtar begrensande. Det er eit ansvar vi alle har at ungar skal ha det bra, og difor må vi jobbe på det nivået også.

Ho meiner at også foreldra har eit ansvar for gode vanar og ein aktiv livsstil.

– Dersom du har ein overvektig unge, så er det også foreldra som må involverast. Vi må bli flinkare til å tørre å snakke om det.

Meiner for mange blir køyrde

Tryggestad og Solveig Bjørhovde Rindal

VIL HA AKSJON: Tenåringane Solveig Bjørhovde Rindal og Thea Tryggestad seier mange blir køyrde i staden for å gå.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I snitt går no gjennomsnittsvekta til unge opp med eit halvt kilo årleg.

Tenåringane Solveig Bjørhovde Rindal og Thea Tryggestad er oppgitt over statistikken som viser at ungdommen blir stadig tyngre. Dei sit i det lokale ungdomsrådet og vil no ha aksjon for å få unge til å gå til skulen framfor å bli køyrde. For utviklinga kan rett og slett ikkje halde fram.

– Mange blir køyrde til skulen og mange ventar at dei skal bli det når dei blir eldre også. Det blir lite gåing og mykje køyring. Det er ikkje ei positiv utvikling. Dersom vi ikkje er aktive, går det berre ein veg, seier dei.