Hopp til innhold

Sju av 38 prestebustader kan bli lagt ut for sal

Endringar i bulova for prestane fører til at fleire prestegardar kan bli ståande tomme. Dette er hus med millionverdiar som aldri før har vore på den opne marknaden.

kald prestegard

KAN BLI DIN: Prestegarden i Gaular kan bli lagt ut for sal i den opne marknaden.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi vil ta kontakt med lokale meklarar for å kunne fastsetje verdien på desse husa, seier fortel areal- og bygningsforvaltar, Bernt Aas i Opplysningsvesenets fond, OVF.

200 skal vekk

OVF eig om lag 420 statlege prestegardar og 200 av desse skal ut på marknaden.

Dei er den største enkelteigaren av slike bustader i Norge. I tillegg vert dei resterande 525 bustadane eigd av ulike kommunar.

OVF har 25 av desse prestegardane i Sogn og Fjordane. Dei fleste ligg sentralt til i bygdene, husa er ofte store, og hagane enorme.

– Det er klart at fleire av desse er flotte villaer som vil vere enkle å selje, medan andre vil krevje mykje meir arbeid frå vår side, seier Aas.

Kulturminne hindrar sal
Askvoll prestegard

VERNA: Prestegarden i Askvoll er ei av dei mange bygga Opplysningsvesenets fond meiner må vere i kyrkja som kulturminne.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Prestane får sjølve bestemme kor lenge dei vil bli buande i husa, men etter kvart som dei flyttar vil dei bli lagt ut for sal. Det gjeld mellom mellom anna bustader i Årdal, Lavik, Solund, Fjaler, Gaular, og Naustdal.

– Nokre bygg vil ikkje bli selde på grunn av kulturminneverdien dei har, fortel personalrådgjevar Christer Olsen i Bjørgvin bispedømme.

Dette gjeld mellom anna Luster, Lærdal, Leikanger, Balestrand, Askvoll, Jølster, Kinn, Selje, Vereide og ein bustad i Høyanger vert også vurdert som verneverdig.

Må ha hus til stillingane

Sogn og Fjordane er eit av dei fylka der bustadmarknaden er utfordrande og der bispedømet er avhengige av å tilby bustad saman med prestestillinga.

Men vi har mange område med få bustader til sals, og dermed vert det utfordrande å tilsetje prestar i stillingar, seier Olsen.

Men det er slett ikkje sikkert at det er det første og beste tilbodet som får bustadane.

– Nei, mange av desse husa har bygdefolket eit tett forhold til. Og difor vil vi også sjå på moglegheita for at dei vil brukte til kommunale eller kulturelle tilbod framføre at private tek over, seier Aas.

Det kan bli fleire bustader som vert lagt ut for sal.

– Ja, det kan skje om vi vurderer det slik at vi ikkje har bruk for dei, seier Olsen.