Hopp til innhold

Sjokkert over forslag om å kutte ambulansestasjonar

Helse Førde vurderer å kutte fire av dagens ambulansestasjonar. Ambulansane i Askvoll, Lavik, Bremanger, og Selje kan bli flytta til større ambulansestasjonar.

Ambulansar Helse Førde
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Marita Aarvik

KRITISK: Marita Aarvik i Selje meiner forslaget er uforsvarleg.

Det går fram av ei utgreiing Helse Førde har gjort om framtidas ambulanseteneste. Planen skal godkjennast på styremøte førstkommande fredag.

Leiar i Landsforeininga for Hjarte og lungesjuke i Selje, Marita Aarvik, er sjokkert over forslaget.

– Eg meiner det er uforsvarleg. Det blir lange avstandar ut til pasientane i ytterkantane av basane. Ofte er det minutt som tel, då blir avstandane fort for lange, seier ho til NRK.no.

– Er avhengige av kommunane

Gjennomgangen av ambulansetenestene starta våren 2013, etter at styret i Helse Førde hadde bede om ein overordna plan for desse tenestene.

Ambulansetenesta i Helse Førde har 162 årsverk i 2014. I dette talet er det inkludert sju administrative årsverk. Det er 19 ambulansestasjonar fordelt mellom dei fire områda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn.

Helse Førde skriv på nettsida si at føretaket har gjort den første heilskaplege gjennomgangen av ambulansetenesta etter at føretaket overtok totalansvaret for den i 2005.

– Målbiletet indikerer ei klar retning på kor vi ønskjer å gå. På denne vegen er vi avhengige av gode prosessar, særleg med kommunane, for å komme i mål, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Fryktar lang reisetid

Marita Aarvik i Selje seier dei har gitt Helse Førde beskjed om at dei ikkje ønskjer at ambulansen skal flyttast.

– Det held vi fast på. I dårleg ver kan ambulanse frå Selje sentrum bruke 40 – 45 minutt på turen ut mot ytre delar av kommunen. Skal dei komme frå Måløy, kan vi leggje på over ein time i gitt situasjonar. Sjukdom råkar like hardt når det er dårleg ver som når det er fint ver, seier ho.