Hopp til innhold

Sjøfartsdirektoratet: – Føraren hadde ikkje redningsvest

Føraren av Rib-båten som døydde etter ei ulukke i Olden førre veke skal ikkje ha brukt redningsvest, i motsetnad til kva som tidlegare har vorte sagt.

Rib-båtulukke i Olden
Foto: Joar ødegård

I tillegg skal dei to passasjerane heller ikkje hatt tilstrekkeleg flyteutstyr. Dette kjem fram i ein rapport frå Sjøfartsdirektoratet.

Dag Inge Aarhus

SER ALVORLEG PÅ SAKA: Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet

Foto: Sjøfartsdirektoratet

– Vi ser svært alvorleg på dette, seier Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

Det var torsdag førre veke at ein rib-båt med passasjerar frå cruiseskipet «Britannia» velta, og tre personar hamna i sjøen. To av dei var passasjerar frå cruiseskipet, og den tredje var den 57-år gamle føraren, som seinare på kvelden døydde av skadane. Mannen var ein erfaren båtførar og arbeidde for Briksdal Adventure.

Mangel på redningsvest kan vere årsaka

To personar frå Sjøfartsdirektoratet sitt kontor i Florø kom same dag på eit umeldt tilsyn og gjekk gjennom det tekniske. No har dei publisert funna i ein rapport, som viser fleire manglar.

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet kan mykje tyde på at brot på påbodet om flyteutstyr er årsaka til at det vart ei dødsulukke.

Dei to andre passasjerane hadde på seg flyteutstyr, men dei fylte ikkje krava for oppdrift på minst 150N. Av dei to flytedraktene var det også berre ei som oppfylte kravet om termisk vern.

Sjøfartsdirektoratet hevdar at føraren ikkje hadde på seg nokon form for flyteutstyr. Frode Briksdal, dagleg leiar i Briksdal Adventure, vil ikkje kommentere dette, og syner til at politiet etterforskar saka. Han seier derimot at han veit at den omkomne føraren vart tilboden flytedress frå andre i selskapet.

Passasjer måtte aktivere naudstoppen

Båten skal ha vorte treft av ei bølge frå eit anna fartøy i ein sving med ein fart på ca. 30 knop. «Dette kan ha ført til en brutal kraftig oppstopping av fartøyets sideveisbevegelse som igjen kan føre til at personer som ikke holder seg godt fast blir kastet over bord.»

Det skal ha vore ein av passasjerane som måtte aktivere naudstoppen til motoren etter at motoren haldt fram sjølv om føraren hadde felle over bord, noko som tyder på at den enten vart brukt feil eller ikkje i det heile.

Ei rekke manglar

Båten var heller ikkje utstyrt med medisinsk materiell i samsvar med krava. Det var førstehjelpsutstyr om bord, men det var mangelfullt og alt av datovarer var utgått for fem år sidan.

– Eg beklagar at det medisinske utstyret ikkje var i orden, seier Briksdal, og legg til at dei no har bestilt nytt.

I tillegg hadde båten ei rekke manglar; Radiosambandet i båten var ikkje kopla til noko GPS-signal, båten mangla hovudtelefonar med mikrofon som kunne koplast til radioen, oppdaterte kart, fallskjermlys, handbluss og fartsmontert kompass, og redningsnettet verka heimelaga og ikkje optimalt.

Briksdal seier at han ikkje var klar over at alt dette var påkravd. Aarhus i Sjøfartsdirektoratet vil ikkje kommentere i detalj.

– Politiet etterforskar saka vidare, og Statens havarikommisjon har sagt at dei skal granske hendinga, så difor kan vi ikkje kommentere enkeltinnhaldet i rapporten, seier Aarhus.