Like over klokka 23 gjekk dei ut på twitter om hendinga.
Kort tid etter kunne operasjonsleiar Kjetil Drange hos Sogn og Fjordane politidistrikt opplyse at ein patrulje truleg har funne årsaka i eit sandtak.
– Det passa godt med posisjonen som ein av meldarane oppgav. Patruljen reiste dit og fann fyrverkeri som lukta ferskt, seier han.
Politiet har ingen opplysningar om gjerningsmenn.
– Så dersom det er nokon som har dårleg samvit eller har tips om kven som kan stå bak, så tek vi gjerne i mot ein telefon på 02800, seier Drange.
– Kva tykkjer politiet om slikt?
– Vi har ikkje kjennskap til at nokon har søkt politiet eller brannvesen om løyve, så dette er straffbart.
Politiet fekk dei første meldingane i 2240-tida. Politiet sendte ut ein patrulje og starta etteretningsarbeid. Dette arbeidet er no avslutta.
– Vi har fått melding frå fire-fem personar. Det er snakk om to-tre smell, opplyste Drange like over klokka 23.