Hopp til innhold

Sjekka 260 for promille - tre fekk utslag

Politiet har i morgontimane og føremiddag kontrollert ikkje mindre enn 260 bilførarar for promille.

I Florø tok Utrykkingspolitiet like godt to kontrollar. Ein i Kinnvegen og ein i sentrum.

Medan ein mann i 50-åra blir meldt for lågpromille, måtte to vente på å få køyre vidare etter utslag på høvesvis 0,08 og 0,10.

– Når det gjeld lågpromillen som vart meldt, så kan det i etterkant bli førarkortbeslag om blodprøven viser over 0,5 i promille, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Derimot vart det ingen utslag blant dei vel 140 kontrollerte på fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll og E39 på Hafstadflata i Førde.

I ettermiddag fekk ytterlegare to bilførarar forenkla førelegg under ein fartskontroll ved Botnastranda i Flora. Høgste målte fart var 92 km/t i 80-sona. Ein bilførar fekk også forenkla førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon.