Hopp til innhold

Sjekk kven Dag Tore og kona trefte på tur...

Kalenderen synte 16. februar. Og midt på stien kveste ein lett irritert hoggorm. Tydeleg klar for våren 2015.

Her kryp hoggormen rundt på stien

I FARTA: Hoggormen låg midt på stien då Dag Tore Mjåseth og kona kom gåande på fjelltur.

Foto: Dag Tore Mjåseth

– Eg tenkte at det kanskje var litt i tidlegaste laget, ja, seier Mjåseth, som saman med kona var på fjelltur til Fristadfjellet i Askvoll søndag.

Men på vegen opp trefte dei på ein annan turgangar, som dei ikkje hadde rekna med å sjå så tidleg på året.

– Ormen var ganske stor, sånn omtrent 60 centimeter lang. Han krølla seg i hop og freste når eg pirka borti han, seier Mjåseth.

Ikkje redd, men held avstand

Ormen låg midt på stien, og var ikkje veldig redd for folk.

– Eg er ikkje nokon ekspert, men dette må vere ganske så tidleg. Søndag var det ni varmegrader her i Askvoll, så det kan hende det er det som har fått han til å ta seg ein tur ut, seier Mjåseth.

Dag Tore Mjåseth

MIDT PÅ STIEN: – Ormen låg midt på stien når vi kom gåande, seier Dag Tore Mjåseth.

Foto: privat

Men det er ikkje første gong Mjåseth ser hoggorm tidleg på året.

– I fjor såg vi orm 7. mars. Men dette er nesten éin månad tidlegare, seier Mjåseth.

Han har eit avbalansert forhold til hoggorm, og går ikkje rundt og er redd, sjølv om han brukar fjell og natur ofte.

– Nei, eg vert ikkje skremd. Stort sett rømmer ormen så fort han ser oss, så det går bra, seier Mjåseth.

Krølla seg i hop

ARG: Hoggormen rulla seg kjapt i hop og kveste då han følte seg trua.

Foto: Dag Tore Mjåseth

Er nesten som i fjor

Stort sett reknar ein at hoggormar tek turen ut av vinterdvalen og bolet sitt rundt påsketider. Men det er ikkje heilt uvanleg at ormen tek seg ein luftetur også tidlegare på året, dersom tilhøva er freistande.

Hoggormekspert og førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet, Dag Dolmen, kjem med denne reaksjonen når han får høyre kva Mjåseth og kona har møtt på:

– Oi! Det var tidleg. Eg trur vi hadde liknande tilfelle også i fjor. Men dette er ikkje vanleg, seier Dolmen.

Dag Dolmen

SPENNANDE: Hoggormekspert Dag Dolmen ved NTNU er spent på korleis årets hoggormår vert.

Foto: Geir Mogen

Ein grunn til dette er at vinteren i år har vore relativt mild.

Uansett er ormen på denne tid sjeldan langt frå bolet sitt, og mest truleg har han ein slektning eller fem like rundt hjørna.

– Dei første vekene etter dvalen held dei seg i nærleiken av bolet, slik at dei lett kjem seg tilbake, seier Dolmen.