Hopp til innhold

Alexander Rybak var aldri i tvil kor den nye musikkvideoen hans skulle spelast inn…

Då Alexander Rybak skulle spele inn sin hittil største musikkvideo til singelen «Into a fantasy» var han aldri i tvil om kor det skulle skje. Nemleg på Vestkapp på Stad i Selje kommune.

Alexander Rybak spelar inn musikkvideo til låta "Into a Fantasy" på Vestkapp i Selje kommune.

TREIVST: Alexander Rybak legg ikkje skjul på at han likar seg i Vestlands-natur. Foto/redigering: Silje Bråstad

– Kvar gong eg er i denne naturen her så finn eg på noko nytt og skriv ny musikk, seier Rybak.

Til dømes vart Grand Prix-hiten «Fairytale» skriven medan han var på besøk i Ålesund, og songen han vann «Kjempesjansen» med, vart også skriven berre eit steinkast frå Vestkapp.

– Det er alltid så mykje som klaffar når ein ser denne vakre naturen, seier Rybak, og ser rundt seg på Vestkapp.

– Det er 100 prosent vakkert her, med skiftande ver, mjuke strender, djupe dalar og nakne fjelltoppar. Det er noko her som vekkjer allsidigheiten i meg, seier Rybak entusiastisk.

På det vêrharde Stad-platået er det for ein gong skuld vindstille. Himmelen er blå himmel og det er god utsikt mot Svinøy fyr og sørover mot Bremanger- landet.

Skal vere med i Dragetreneren 2

Frå helikopter har Rybak og dei vel 60 statistane vorte filma frå alle vinklar og kantar i havgapet. I løpet av tre dagar skal ein heilt ny musikkvideo til songen «Into a fantasy» spelast inn ytst i havgapet. Låten skal vere med på slutten av animasjonsfilmen Dragetreneren 2 som kjem på norske kinoar i sommar.

Lokalbefolkninga veit å setje pris på artistar som legg innspelingar til kommunen deira.

– Det er veldig positivt og flott, seier statist Sigvor Ervik, og får støtte frå med-statist Anne Grete Honningsvåg.

– Vi har ikkje problem med å forstå kvifor han valde denne staden her. Det er berre heilt utruleg, seier Honningsvåg.

Rybak skreiv songen på ein halv dag, og spelte den inn på to dagar. Rybak seier han er litt unorsk når han jobbar.

– Vi sende den inn til DreamWorks som står bak Dragetreneren. Sjølv om det var kort til premieren og alle kontraktar var skrivne, likte dei songen og ville ha den med.

Skryt av landskapet

Produsent Tone Lise Asphol tykkjer dei er heldige som har fått så flott ver så langt ute på Stadlandet. I løpet av desse tre dagane skal dei også filme på stranda i Ervik. 12 fiolinistar og mange songarar frå lokale kor er med på innspelinga.

– Vi har visst peika oss inn på dei rette dagane til innspeling, seier Asphol.

Ideen om å filme på Vestkapp kom då Rybak skildra for Asphol korleis det skulle sjå ut der han ville filme.

– Eg tenkte med ein gong på Stadlandet, for eg var her på skuletur for mange år sidan. Her har vi stranda ved Ervik, unike fjell og ei fantastisk havutsikt som held fram i det uendelege, fortel Asphol.

Ordføraren stilte opp

Det er ikkje berre lokale statistar som velvillig har stilt opp på innspelinga. Då Rybak og temaet hadde bestemt seg for å filme på Stad, ringde han sjølv til ordførar Ottar Nygård for å be om hjelp.

– Rybak lurte på om vi kunne bidra til å realisere prosjektet. Vi har ikkje bidrege med pengar, men med aktivitet, seier Nygård.

Han seier det betyr mykje for kommunen å få ein profilert og folkekjær artist til Selje.

– Dette er viktig for kommunen og rett inn i satsinga vår både når det gjeld næringsplan og utvikling av reiseliv. Det er god reklame både for Selje og distriktet vårt.

– Eg har både høyrt songen og veit kva historia går ut på. Det blir spennande og eg gler med til å sjå den ferdige videoen, seier Nygård.

Vil vise fram det norske for fansen

Etter at Alexander Rybak vann den internasjonale MGP-finalen i 2009, har han fått fans over heile verda. Han har spelt inn mange musikkvideoar som har fått millionar av visingar på Youtube. Han har også 700.000 fans på Facebook-sida si.

– Mange av dei har lært seg norsk og elskar Norge. Folk elskar norsk natur og difor var det på tide at eg spelte inn ein musikkvideo i dette flotte landskapet, seier Rybak.

Historia som skal forteljast handlar om samhald og om å finne verdien i seg sjølv.

– «Into a fantasy» har eit bodskap om at vi saman skal ta vare på kvarandre, seier han.