Hopp til innhold

Sjekk denne videoen - slik har du neppe sett laksefiske før

Bjørnar Neteland og broren Anders er lidenskaplege laksefiskarar. Med eigenproduserte fluger, takka vere hårmanken til flatcoaten Janco, bit fisken som berre det. Og slik vert det film av.

– Ja, det er litt artig. Vi har nemleg funne ut at det fungerer ypparleg å bruke hundehår i flugene våre, så det har vi halde fram med, seier Bjørnar Neteland, og røper at dei også har lånt nokre hår frå ein golden retriever.

Flatcoaten Janco diggar å vere med på fisketur og er minst like interessert i fiske som dei to brørne Neteland. Men i det siste har han skjønt teikninga når flugene skal lagast.

– Han stikk og gøymer seg i ein krok når han ser saksa, ler Neteland.

Har fått laksefiske inn med morsmjølka

Men no skulle ikkje dette handle om korkje fluger eller hundehår. For det er berre ein bitte liten del av fiskeeventyret til brørne Neteland.

Begge Bergens-brørne har fått laksefiske inn med morsmjølka.

– Eg trur eg var berre to veker første gongen eg vart teken med på laksefiske, seier Bjørnar Neteland.

Sidan har turane vorte mange. Og laksebasillen har bite seg ekstremt godt fast.

– Vi har vore med både pappa og bestefar opp gjennom åra, så det har vorte ein del av livet, seier Neteland.

Byter på å fiske og å filme

Brørne byrja å lage filmar av laksefiskinga si i det små, og sidan har det berre auka på. No er kamera ein like viktig del av fiskinga som stong og fluge.

– Vi har lyst til å vise litt korleis det er, og så har ting berre balla på seg. Filmane har fått god respons, og så har vi berre vorte gira på å lage meir, seier Neteland.

Det har vorte rutine på fiskinga, så brørne byter på å filme og fiske.

– Vi er nok litt over snittet interesserte i foto, redigering og data. I kombinasjon med interessa for flugefiske, så vert det fort filmar av det, seier Neteland.

Og det er ikkje nokon krangel om kven som skal fiske og kven som skal filme.

– Vi tykkjer begge deler er like gøy, så då blir det gøy alt saman, seier Neteland.

Har spesielt forhold til Nausta

Dessutan er det ein fin måte å forlenge fiskesesongen på.

– Når vi sit på vinteren og kjenner det klør i fiskefingrane, så er det berre å setje seg og redigere litt, seier Neteland.

Filmen her er frå første lakseturen i år. Naturleg nok var karane litt over snittet gira.

– Filmen er fiska i Nausta. Vi drog dit 1. juni saman med ein kamerat. Første turen er ein jo heilt i hundre, seier Neteland.

Fisken let vente på seg dei første fire dagane, men så snudde fiskelykka.

– Dei siste to dagane tok fisket seg opp, så då fekk vi mange tøffe scenar, seier Neteland.

Nar Nausta som favorittelv

Brørne fiska på valda til Arne Grimseth, og Nausta er ei elv dei har eit spesielt forhold til.

– Vi har fiska der sidan vi var bitte små, og vi har alltid vore fleire veker der kvar einaste sommar, seier Neteland.

Det var bestefaren deira som først drog på laksefiske i Nausta, og sidan har familien vendt tilbake til lakseelva i Naustdal.

– Nausta er nok favorittelva, men også Lærdalselvi er flott, seier Neteland.

Denne helga er brørne i aksjon nettopp der, og dei håpar på storfangst.

– Det er i Sogn og Fjordane det skjer, ler Neteland.

Og bikkja er med...

Sjølv håpar han å fakke ein laks på over 11–12 kilo.

– Eg får alltid mange på den vekta, men kjem meg liksom ikkje over kneika. Broren min har rekord på 16 kilo. Men eg håpar det losnar for meg i helga, seier Neteland.

Og kva så med flugemateriellbidragsytar Janco?

– Han kjem i løpet av helga. Pappa slepper han av på laurdag. Janco er minst like gira på fiske som oss, så han kan ikkje gå glipp av dette, seier Neteland.

Men den firbeinte er fortvila over at all fisk skal sleppast ut i elva att.

– Han er ikkje like nøgd med det, og har ikkje heilt vant seg til det, ler Neteland.