Hopp til innhold

Passasjerar måtte skifte buss – sjåføren hadde ikkje lov til å køyre turistbuss

Under ein kontroll på Håbakken Lærdal før helga, synte det seg at sjåføren ikkje hadde lov til å køyre turistbuss. Dermed måtte alle dei asiatiske turistane skifte både buss og selskap, for å få ferdig ferieturen i Norge.

Torgeir Bang

KAN FAGET SITT: Dei seks kontrollørane som Vegvesenet har ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal, er etter kvart vorte svært drivne i jobben. Avdelingsingeniør i Vegvesenet, Torgeir Bang, er ein av dei.

Foto: Anna Gytri/Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Sjåføren hadde ikkje lov til å drive yrkestransport, så der måtte passasjerane over til eit konkurrerande firma, og sjåføren fekk ikkje lov til å køyre bussen vidare, seier avdelingsingeniør i Statens vegvesen, Torgeir Bang.

Dermed måtte turistane frå Vietnam tusle ut av bussen, og vente pent til eit anna selskap stilte med ny buss, for å få dei vidare på rundturen i Norge.

Den svenske sjåføren som køyrde den finske bussen, fekk ikkje køyre vidare.

Fredag avdekte kontrollørane også eit graverande tilfelle av brot på køyre- og kviletida.

Brukte magnet for å jukse med kviletida

– Vi kom over ein sjåfør som juksa stort på køyre- og kviletida. Han registrerte alt han kunne på sjåførkortet sitt, og då han ikkje kunne køyre meir, fordi køyretida var oppbrukt, så brukte han ein magnet til å stoppe heile systemet, slik at han kunne halde fram å køyre utan at det vart registrert, seier Bang.

Han legg ikkje skjul på at det er graverande det kontrollørane ser ute.

– Det er graverande saker. Vi reknar jo vogntog som ein stor risiko i trafikken dersom dei ikkje gjer dette trygt og sikkert. Når bussar, som då skal vere både trygge og sikre, vert køyrde av folk som ikkje har lov til å drive på med det, det er ikkje veldig bra, seier Bang.

Finn avvik hjå alle nasjonalitetar

Mange hevdar at det er det utanlandske sjåførane og transportørane som står for det meste av regelbrota som vert avdekt, men det avviser Bang på det sterkaste.

– Vi ser at desse lovbrota er spreidde over alle nasjonalitetar. Det er ikkje berre utlendingar, det er også nordmenn som juksar grovt med køyre- og kviletidene, og med andre ting, seier Bang.

Han tykkjer det kan sjå ut til at det er ein trend at sjåførane er villige til å ta høgare risiko.

– Det ser kanskje ut til at den økonomiske situasjonen er med på å gjere til at folk er villige til å flytte grensene sine litt lenger, for å tene dei pengane som skal til for at firmaet skal gå rundt. Det er ei skummel utvikling, for trafikktryggleiken vil ikkje bli like godt ivareteken når folk ikkje får dei pausane dei skal ha, eller gjere det vedlikehaldet dei skal, seier Bang.

Kontrollane trengst

Natt til tysdag vart ein sjåfør stoppa for kabotasje, medan ein annan sjåfør vart stoppa for brot på køyre- og kviletidene. Denne sjåføren, som var polsk, men køyrde for eit norsk selskap, hadde hatt berre 4 timar og 45 minuttar kvile dei siste 24 timane. Etter lova skal han minimum ha ni timar kvile.

– Samfunnet sin økonomi speglar av seg også i transport, seier Bang.

Det er fleire ting som må skje, for at talet på lovbrot skal gå ned. Men Bang er klar på at kontrollverksemda må halde fram iallfall på same nivå som i dag.

– Økonomien i samfunnet er ikkje noko vi får gjort noko med. Men ofte kontrollar, og kontrollar til uføresette tider og kontrollar på ukjende plassar, kan vere med på å hjelpe til på trafikktryggleiken. Både frå Vegvesenet, men også frå politiet. Dei gjer også ein kjempegod jobb, seier Bang.

Er godt trente til å avsløre juks

Kontrollørane til Vegvesenet på Håbakken er etter kvart vorte godt røynde. Det gjer til at det vert stadig vanskelegare å lure dei.

– Vegvesenet har laga eit utdanningssystem for sine kontrollørar. Vi er trena på å drive på med dette. Vi er seks mann på Håbakken, og vi byrjar å bli ganske dyktige på det vi held på med. La oss halde fram, så blir vi endå flinkare. Vi blir betre og betre for kvar dag som går, seier Bang.

Har skrive ut bøter for nær 800.000 kroner

Også politiet merkar godt til kontrollverksemda som går føre seg ved kontrollstasjonen til Vegvesenet på Håbakken i Lærdal.

– Sidan november er det iallfall skrive ut 40 bøter, og vi nærmar oss vel 700.000 eller 800.000 kroner på dei månadene, seier Klingenberg.

Då snakkar han berre om bøter til utanlandske sjåførar. Dei må nemleg gjere opp for seg på staden, eller firmaet deira må komme med ein bankgaranti.

– Det er utanlandske vogntog som ikkje får køyre vidare før bøtene er betalte. Vi må ha oppgjer eller bankgaranti før dei får køyre vidare, seier Klingenberg.

Norske køyretøy får køyre vidare, og då er det Statens innkrevjingssentral som krev inn bøtene frå dei norske sjåførane eller firmaa.

Klingenberg legg til at det stort sett ikkje går lang tid før pengane er på plass.

– Det går stort sett fort. Det har litt med om dei er tomme, eller om dei har last. Har dei last på, går det stort sett fort. Står dei tomme, går det ofte litt meir tid, seier Klingenberg.