Hopp til innhold

Sjåfør omkom etter at vogntoget fall 15 - 20 meter

Ein person omkom etter at eit vogntog køyrde gjennom autovernet og hamna 15–20 meter ned mot fjorden. Den omkomne køyrde vogntoget frå ei bedrift heimehøyrande i indre Sogn.

Ulukke i Aurland

REIV MED SEG AUTOVERNET: Sjåføren omkom etter at vogntoget køyrde utfor vegen og fall 15 -20 meter.

Foto: Arne Veum

Lensmann Knut Arne Klingenberg i Aurland stadfestar at den omkomne var sjåfør av vogntoget, som reiv med seg fleire meter med autovern før vogntoget hamna 15 – 20 meter nede i ein skråning mot fjorden.

– Det er eit vogntog som har komme frå Aurland. Det starta i Årdal tidlegare i dag og var på tur mot Flåm. I ein sving har vogntoget køyrt ut og ligg på nedsida av vegen.

Forbipasserande varsla

Politiet vart varsla om ulukka rundt klokka 07.30 i dag tidleg, og det var forbipasserande som varsla politiet om ulukka etter at dei såg at fleire meter av autovernet var rive vekk.

Trafikkulukke i Aurland

OMKOM: Vogntoget var fullasta og skulle vidare mot Flåm då ulukka skjedde. Sjåføren mista livet i ulukka.

Foto: Arne Veum

– Det er nokre høgdemeter vogntoget har falle. Rundt ein 15 – 20 meter. Det er frå vegen og heilt ned i sjøkanten.

Vogntoget var fullasta og skulle vidare mot Flåm då ulukka skjedde ved Kvitt på E16 mellom Flåm og Aurland. Det skal ikkje ha vore vitne til ulukka. Politiet kan førebels ikkje seie noko om det var glatt på staden.

Tilknyting til bedrift i indre Sogn

Ulukke i Aurland

HEISER BILEN OPP: Vegen er stengt på grunn av bergingsarbeidet.

Foto: NRK.no-tipsar

Politiet vil førebels ikkje seie noko om kven den omkomne er eller kvar vedkommande kjem frå.

– Vi kan berre stadfeste at sjåføren er omkommen, og at vedkommande hadde tilknyting til ei bedrift som er lokalisert i indre Sogn.

Utover dagen vil etterforskinga halde fram og ulukkegruppa vil også sjå på ulukka. Førebels kan ikkje politiet seie noko om det var glatt på staden. Vogntoget er sikra og den omkomne er frakta vekk.

Det er framleis usikkert kva tid vegen kan bli opna.

Trafikkulukke i Aurland

STOR UTRYKKING: Politiet vart varsla om ulukka rundt klokka 07.30 i dag tidleg.

Foto: Arne Veum