Hopp til innhold

Sjå, kronprinsen på High camp!

Årets High camp på Turtagrø fekk kongeleg besøk. Og kronprinsen levde opp til bestefar Kong Olav V sine ferdigheiter på ski.

Kronprinsen på ski

KONGELEG STIL: Kronprins Haakon viste at han har full kontroll på telemarkskia.

Foto: Peder Aaserud Eikeland

– Me hadde ein veldig fin tur, og besøkte Lauvnostind og Norde Dyrhaugstind. Vêr og føre var supert og terrenget her oppe er heilt fantastisk, sa kronprins Haakon til Sogn Avis.

– Måtte oppføra oss

High camp på Turtagrø er ein toppturfestival for ivrige skiløparar. I løpet av nokre få dagar kan deltakarane delta på føredrag, sjå film, vera med på kurs og gå på guida skiturar.

I helga vart årets utgåve av High camp på Turtagrø arrangert, og i år fekk dei royalt besøk. Erlend Sande er redaktør i skibladet Fri Flyt, og var ein av dei heldige som fekk vera med på ein kongeleg skitur.

Erlend Sande

IMPONERT: Fri Flyt-redaktør Erlend Sande.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

– Ein må jo oppføra seg skikkeleg når ein treff kongelege, og me måtte leggja ein plan for korleis me skulle gjera det. Men når me kom oss av garde tidleg laurdags morgon, so var det ein flott tur med hyggjelege folk og flinke skiløparar, seier Sande til NRK.no.

Ligg i familien

– Kronprinsen er verkeleg dyktig på telemarkski. Han held eit nivå som ein kan forventa av folk som bur på skistader eller er veldig mykje på ski, seier Erlend Sande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kronprinsen på Turtagrø high camp

STILFULLT: Kronprinsen var full av lovord etter årets High camp.

Foto: Peder Aaserud Eikeland

Kronprins Haakon lev dermed opp til sin bestefar, kong Olav V, som var ein flink og ivrig skiløpar. Han hoppa blant anna i Holmenkollen, og var mykje på ski i Oslomarka.

Og no syner kronprinsen at han ikkje er heilt ukjend med ski på beina han heller.

– Det kan hende det ligg mykje trening bak for alt eg veit, men han er i alle fall god i både pudder og på hardare snø. Han fekk verkeleg vist at han hadde ferdigheiter, seier Sande.

– Han har imponert veldig på skitur, og han var både sterk i motbakkane og ein veldig dyktig skikøyrar.

– Folkeleg

High camp er inne i sitt tolvte år, og då Sande fekk nyss om at kronprinsen skulle ta turen, var han ikkje treig til å spørja om å få vera med.

– Det var slik at han hadde høyrt om high camp, og hadde nokre ivirge vener som hadde vore der før, og so hadde han lyst å komma sjølv i år. Me spurde sjølvsagt om me kunne vera med på tur. Og då var me so heldige å få ja på det.

– So kronprinsen vår er ganske folkeleg?

– Det er jo ikkje noko nytt, han er ein omgjengeleg kar.

Marius var med

Med seg på turen hadde kronprinsen Marius Borg Høiby, sonen til kronprinsesse Mette-Marit.

– Marius var med på laurdagen, og syns det var veldig stas å køyre på ski. Han er oppteken av skifilmar og slike ting, so det var kjekt for han å få ein skikkeleg topptur, seier Sande.

– Blir det ny tur med kronprinsen?

– Det er vel ikkje opp til meg, men om han vil koma tilbake skal eg gjerne vera med på fleire turar eg.