Hopp til innhold

Sjå sveleroboten i aksjon

Tre ingeniørstudentar i Førde brukar høgteknologi for å forenkle gamal kokekunst.

Tre ingeniørstudentar i Førde har i haust jobba med å forenkle gamal kokekunst. Dei har lagt bak seg timevis med programmering for å få til eit smakfullt resultat. Men, teknikken spelar ikkje alltid på lag.

GAMAL OPPSKRIFT, NY TEKNOLOGI: Ingeniørstudentane Børge Godejord, Marius Blom og Hans Olav Tuften er mennene bak den revolusjonerande (?) sveleroboten. (Foto: Jørgen Eide, redigering: Randi Indrebø/Jørgen Eide)

Sveleroboten er resultatet av eit halvtårsprosjekt i automatisering. Timevis med programmering gjekk med for å få eit smakfullt resultat.

Men som du kan sjå frå TV-innslaget er det ikkje alltid teknikken vil spele på lag.

Med litt finpuss er det likevel ikkje utelukka at underverket vil kunne gjere nytte for seg på ei ferje nær deg.

Sjå og døm sjølv!