Hopp til innhold

Sjå Sommar:Lutt i reprise

Fekk du ikkje med deg Sommar:Lutt 2010? Fortvil ikkje. No kan du sjå og høyre sendinga her.

Sommarlutt, Malakoff 2010
Foto: Kristine Flote

Sommar:Lutt 2010 DEL 1
Sommar:Lutt 2010 DEL 2

Omlag 1000 personar var samla framfor sentrumscena på Nordfjordeid då NRK Sogn og Fjordane sende Sommar:Lutt 2010. I to timar framførte artistar frå heile fylket sine mest populære låtar.

Dei fremste banda

Sommarlutt, Malakoff 2010

Mykje publikum framfor scena på Sommar:Lutt 2010.

Foto: Øystein Torheim

På scena stod The Pink Robots, Eagles på Norsk, Tyyl!, Håvard Lothe og Linn Haug Eide.
- Dette er nokre av dei fremste banda frå fylket. Det er utruleg stas å få vise dei fram frå Luttscena. Det seier programleiar Stein Aase etter konserten fredag.

Største lokalmusikkscena

Lutt er NRK Sogn og Fjordane si satsing på lokalmusikk, og Sommar:Lutt er den største livescena for lokalmusikk i fylket. Sendinga var eit samarbeid med Malakoff Rockfestival som hadde rekordbesøk i løpet av helga.
Les og; NRK arrangerte konsert på Malakoff
Les og; Over 13.000 var innom Malakoff

Klikk på lenka under for å sjå sendinga i nett-tv:
Kl 11.10: Eagles på Norsk SommarLutt 2010
Kl 11.30: Tyyl frå SommarLutt 2010
Kl 11.50: Linn Haug Eide SommarLutt 2010 1
Kl 12.10: Håvard Lothe Band
Kl 12.30: The Pink Robots Sommar:Lutt

Sjå heile sendinga her:
Nett-tv; Sommar:Lutt 2010 DEL 1
Nett-tv; Sommar:Lutt 2010 DEL 2

Her er radioversjonen:

Høyr Sommar:Lutt 2010