Hopp til innhold

Sjå sambygdingane hylle Fannemel

Honndølene lovar fullt hus i Honndalshallen når bygdefolket tysdag kveld skal hylle mannen bak verdas lengste skihopp. Vestlandsrevyen sender direkte frå Grodås klokka 18.45.

anders

KJEM HEIM: Anders Fannemel skal hyllast av honndølene etter jubelsesongen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Anders Fannemel har lagt bak seg sin beste sesong noko sinne, med to sigrar i verdscupen, verdas lengste skihopp og gull i laghopp i VM. Sist Norge tok gull i laghopp var Fannemel to år gammal. Det er klart vi må vere der når han blir hylla, seier NRK-reporter Silje Guddal.

Historisk honndøl

Silje Guddal

GÅR DIREKTE: Reporter i NRK Sogn og Fjordane, Silje Guddal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fannemel (23) tok sin første verdssiger i russiske Nizjnij Tagil 13. desember i fjor. Han følgde opp med sin andre verdscupsiger i Hochfirstschanze i tyske Titisee-Neustadt 8. februar i år. Der tok han også andreplass dagen etter.

I Vikersund 15. februar vart 23-åringen historisk med verdas lengste ståande skihopp på 251,5 meter i Vikersundbakken.

Og under ski-VM i svenske Falun var han altså på det Norske laget som tok sitt første VM-gull i laghopp på 21 år.

Lovar fest

Når honndølen tysdag kveld vender heim til sine eigne, etter sin femte sesong i verdscupsirkuset, garanterer Guddal feststemning på direkten i Vestlandsrevyen på NRK1.

– Nordfjordingane veit å stille opp. Her blir det mange skikkelege blodfans frå Fannemel sin fanklubb, og heilt sikkert minst to hundre andre jublande honndøler, lovar Guddal.

Vestlandsrevyen kan du sjå her i nett-tv klokka 18.45. NRK.no kjem også med fyldig dekning frå arrangementet.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

VERDAS LENGSTE: Her kan du gjenoppleve Anders Fannemel sitt rekordhopp på 251,5 meter i skiflyging.