Hopp til innhold

Sjå raset i Flåmsdalen frå lufta

FLÅM (NRK): Bli med i helikopteret som tidlegare i dag var inne for å inspisere raset i Flåmsdalen.

Helikopter tok geolog med for å inspisere rase i Flåmsdalen. Sjå video frå turen.

STORT RAS: Bileta frå lufta viser dei store kreftene som har vore i sving. (Video: Halvor Farsund Storvik)

Natt til søndag gjekk det eit stort steinras som sperrar vegen i Flåmsdalen, vel tretten kilometer frå sentrum. Store steinblokker losna i fjellsida dryge hundre meter ovanfor vegen og tok med seg jord, stein og vegetasjon nedover.

Distad på synfaring til raset

OPNAR SNART: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, er glad for at vegstenginga ser ut til å bli kortvarig.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Raset er om lag femti meter breitt og sperrar vegbana fullstendig.

– Det er alltid nifst å sjå når det kjem slike ras nedover. Heldigvis er det eit ras som er lett kan ryddast, seier ordførar Noralv Distad.

Må reinske fjellsida

I halv totida i dag vart eit helikopter sendt ut for å inspisere raset. Med på turen var ordførar Noralv Distad og Jan Inge Magnussen frå Aurland kommune, samt ein geolog frå Mesta.

Konklusjonen var at lause steinar og massar, som ligg att i fjellsida, må ryddast før det er trygt å opne vegen igjen. I morgon vil ei klatregruppa ta seg opp i fjellsida for å starte oppreinskingsjobben. Dermed kan vegen bli opna igjen i morgon eller tidleg tysdag.

– Eg er veldig glad for at det blir kortvarig stenging. No gjer vi det som er nødvendig for at det blir så trygt som mogleg, så blir vegen opna att, seier Distad.

Viktig veg i Flåm

Det er ein mykje brukt turveg, mellom anna for dei som syklar Rallarvegen, ein av dei mest populære sykkelrutene i Noreg.

Vegen er òg viktig for bønder i området. På Kårdal, ein kilometer unna rasstaden, har eit stølsysteri no mista vegsambandet til Flåm.

– Denne vegen er kjempeviktig. I løpet av året er det kanskje 50.000 personar som ferdast i denne dalen, seier Distad.