Hopp til innhold

No kan du sjå heile NRK Sommarlutt her!

Programleiar Ronny Brede Aase opna konserten med å seie: «sit du framfor radioen og meiner det hadde vore kjekt å sjå konserten, gå inn på nett og sjå han.» Gjorde du ingen av delane? Eller vil du oppleve konserten på nytt? Sjå videoen over!

Sjå heile NRK Sommarlutt - her kan du sjå heile NRK sommarlutt.

For fjerde år på rad inviterte NRK Sogn og Fjordane og Malakoff Rockfestival til lokalmusikalsk folkefest på Nordfjordeid på torsdag.

Fekk du av ein eller annan grunn ikkje sett eller høyrt konserten? Det kan du no! Sjå heile konserten i videoen øvst i saka.

– NRK Sommarlutt er ei feiring av lokalmusikk frå Sogn og Fjordane, sa Brede Aase.

Og for ei samling av artistar. Tre personar deltok først i demokonkurransen: Håvard Endal Husevåg, Silje Søgnesand og Arnt Herman Hagen, tre svært spanande unge artistar frå fylket.

Endal Husevåg starta konserten og vann stipendet for beste opptreden.

I videoen øvst i saka kan du også høyre ei rekkje meir etablerte artistar frå Sogn og Fjordane.

b0ka: Dette bandet frå Nordfjordeid leverer noko av det mest spennande på musikkfronten i Sogn og Fjordane nett no.

Odd-Erik Lothe: Er etter kvart blitt ein veteran blant musikarane frå Sogn og Fjordane, og har bak seg ein imponerande katalog med sterke låtar.

Tripod: Tripod starta karrieren si på Nordfjordeid, men har no etablert seg som ein del av musikkmiljøet i Trondheim.

Line Dybedal: Er frå Selje er i full gang med å bygge sin eigen spennande solokarriere med base i Bergen.

No kan du altså sjå alle desse artistane i videoen øvst i saka.

Og skulle du også ha lyst til å sjå fjorårets konsert, finn du den her:

NRK Sommarlutt 2013. Livekonsert frå Malakoff Rockfestival med artistar frå Sogn og Fjordane. Sjå Sigrid Moldestad, Eva Weel Skram, Alexander Pavelich, Thomas Stenersen, Ola Weel Skram, Georg Lipai, Iselin Solheim, Aleks Grey, Michael Kildal, Blasfemisk Eksplosjon, Special Kids Unit og Lommerosk. TV-bildet er produsert av Firda vidaregåande skule. Lyd er produsert av Øyre Lyd. NRK Sogn og Fjordane 2013.