Hopp til innhold

– Eitt av dei flottaste måla nokon gong

Kristian Fardal Opseth (25) klinka til frå nær 60 meter og dunka inn sigersmålet mot Hønefoss. Eitt av dei flottaste Sogndal-måla gjennom tidene, meiner fotballekspert.

Kristian Fardal Opseth skårar frå 60 meter hald i kampen mot Hønefoss

HEILT RÅTT: Kristian Fardal Opseth dunka til frå nær 60 meter og avgjorde kampen mot Hønefoss søndag. Foto: TV2

Det gjekk eit sukk gjennom publikum då Rune "Bolli" Bolseth la ballen til rette for Kristian Fardal Opseth.

Han tek fart og løftar ballen høgt, brått får publikum sjå at ballen går høgt over Hønefoss-målvakta og rett i mål.

– I mine auge er dette eit av dei mest spektakulære måla i Sogndal si lange historie, seier fotballekspert Jon Navarsete.

Av alle skåringane til Sogndals-spelarar er det berre Frank Øyre sitt mål mot Aalesund FK i 1996 som kan måle seg, meiner han.

– Publikum gjekk frå djup fortviling til vanvitig lykkerus då ballen gjekk i mål. Det var heilt rått, meiner Navarsete.

Sjølv meiner Fardal Opseth at det rett og slett var ei skåring på reint instinkt.

– Det er berre ein luring som gjer slikt. Då Bolseth snappa ballen frå Hønefoss-spelaren, såg eg ikkje opp ein gong, for eg visste at keeperar plar stå langt ute i slike situasjonar, sa han til NRK søndag.