Hopp til innhold

«Tor» når toppen i 19-20-tida i kveld

Uvêret «Tor» har byrja å feste grepet på Sogn og Fjordane. Det merkast. Og meir skal det bli. På Nordfjordeid vert det meldt om lause gjenstandar som flyg gjennom lufta.

Nordfjordeid tek imot uveret Tor

BØLGJER: Nordfjordeid får merke «Tor» sin vrede.

Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Mange stader langs kysten er vindstyrken allereie i full storm, med storm i kasta. Spesielt i nordlege delar av fylket.

Vinden merkast også godt innover i fylket.

– Vi ventar at vinden vil auke kraftig utover ettermiddagen og kvelden. Fram mot midnatt og dei tidlege nattetimane blir det mykje vêr, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Laster Twitter-innhold

Topp i 20-tida

Ved Meteorologisk Institutt får NRK opplyst at vinden venteleg vil byrje å avta frå 20-21 tida i kveld. Toppen er venta nådd i 19-20-tida. Dei sørvestlege vindkasta vil merkast godt også innover i fylket.

Bilder av stormen Tor som slår inn over vegen på Nordfjordeid.

SJÅ VIDEO: Tor slår innover vegen på Eid. (FOTO: HARALD KOLSETH)

Det blir lokale variasjonar, men enkelte kan oppleve vindkast på 35-50 sekundmeter.

– Her på Nordfjordeid er det blitt mykje verre enn enta. Sjøgata er stengd, og råket kastar seg 10-15 meter høgt inn over, seier NRK-reporter Harald Kolseth.

Tung nordvest

Tettstaden i Nordfjord har også fleire gonger tidlegare fått merke orkanar godt. Seinast i 2011 under romjulsorkanen Dagmar.

Bølgjer i Bremanger
Foto: Svenn Petter Kjerpeset

– Vindretningen vart ein heilt anna enn ein håpa på, men så lenge det står frå sør så går det bra. No er det nordvesten som står tungt inn fjorden. Det som kan vere ein fordel no, er at vi har toppfloa no. Når det verste er venta, så har fjorden trekt seg attende, seier Kolseth.

Stengde vegar

På Nordfjordeid har politiet fått melding om gjenstandar som bles gjennom lufta i sentrum. Ein bil skal vere treft av ein gjenstand. Ingen personar skal ha blitt skadde.

Laster Twitter-innhold

Sjølv om det framleis er tidleg i uvêret, har det fått ei rekkje følgje. På Måløybrua har dei målt vindkast på opp i 44 meter i sekundet.

– Vinden har tatt seg kraftig opp siste 20 minuttane. Vi har ikkje fått meldingar om øydeleggingar, men vinden vil auke på så det kan bli heftig utover kvelden, seier brannsjef Kim Hjelle.

Stormen Tor i Berle

BERLE: Sjå video frå uvêret i Bremanger. (FOTO: ANNE KRISTOFFERSEN)

I føremiddag vart rasutsette fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde stengd ved Heilevang. Her blir det ny vurdering klokka 09 laurdag morgon.

Fylkesveg 337 Hafslo - Veitastrond og fylkesveg 92 Vikøyri - Arnafjord blir stengde klokka 17 på grunn av rasfare. Det blir ny vurdering klokka 10 laurdag.

Uver tor

SJÅ VIDEO: Eikefjord har besøk av Tor. (FOTO: JAN-ROGER RANDEN)

Stengde fjell

Fleire av fjellovergangane er stengde og også ferjeselskapa har fått problem. Allereie klokka 1220 innstilte Norled C-ferja på sambandet Lavik - Oppedal. I tillegg er sambande Måløy - Oldeide og Rysjedalsvika - Krakhella innstilte.

Filmane viser starten på ekstremvêret Tor sin ankomst til Torskangerpollen og Måløy i Vågsøy, og Dale i Fjaler.

VIDEO: Sjå dei første videoane frå uvêret Tor sine første minutt på Vestlandet. (FOTO: Håvard Larsen/Ole Andre Rekkedal (NRK) / REDIGERING: Steinar Lote (NRK))

Vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen oppmodar folk om å vurdere kor naudsynt det er å leggje ut på vegane i dag.

– Det er mykje vatn på mange vegar som gjer det utrygt å køyre. Samstundes kan det vere flygande gjenstander og tre som kan gjere det vanskeleg å komme seg fram, seier han.

Tor skapte problem for Lavik-Oppedal

SJÅ VIDEO: Lavik fergekai i storm. (FOTO: MONICA SUNDE TJØNNÅS)