Hopp til innhold

Elva grov seg under hus på campingplassen

– Dette er heilt forferdeleg. Eg blei heilt lamma, seier Aud Hjelle som bur i eit av husa på campingplassen på Lote.

Aud Hjelle

KJEM SEG IKKJE INN: Aud Hjelle bur i det raude huset på biletet. Ho kjem seg ikkje inn og får henta tinga sine. Elva på biletet går ikkje her til vanleg.

Foto: Maria Hjelle

Seint fredag kveld var ho ute og gjekk tur. Då ho kom tilbake, kom ho seg ikkje inn i huset sitt. Elva hadde teke eit nytt løp og går no under og forbi huset.

– Eg flytta først bort til dottera mi som bur i eit hus i nærleiken, men til slutt flytte vi opp til ho som eig campingplassen, fortel ho.

Då dei blei lyst i dag, blei ho overraska over kor gale det var. Eine hjørnet på huset heng i lause lufta, men Hjelle trur ikkje huset kjem til å fare med elva.

– Men det burde kanskje ikkje bu folk her. Vi opplevde noko liknande for to år sidan, men dette er verre, seier ho.

Ho håper å få komme seg inn i huset i løpet av dagen for å hente nokre av tinga sine.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elva på campingplassen på Lote i Eid har teke nytt løp.

SJÅ VIDEO: Elva tok nytt løp på campingplassen på Loten. Den har grave seg under eit hus og ei hytte. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

– Dette var voldsomt

Enorme nedbørsmengder har ført til at elva har teke nytt løp og går no rett gjennom campingplassen på Lote i Eid kommune.

Ranveig Årskog er deleigar ved campingplassen og seier ho har aldri før sett elva slik.

– Dette var voldsomt. Elva har grave seg under ei hytte og eit hus. I tillegg er eit naust øydelagd, seier Ranveig Årskog ved campingplassen på Lote.

Større skader enn tidlegare

Årskog har aldri før sett elva så stri og den har teke nye løp. Ho har enno ikkje oversikt over skadeomfanget.

– Skadane no er nok større enn tidlegare år når elva har gått over breiddene sine, seier ho.

Ho veit ikkje når Aud Hjelle får flytta inn att i huset som campingplassen eig. I dei store campinghyttene bur det folk og dei blir ikkje evakuerte.

– Det har blitt jobba i natt med å sikre eigedommen mot vassmassane. Ein gravemaskin er no på staden for å grave opp elveløpet og fjerne masse, seier ho.