Hopp til innhold

Ny publikumsrekord på Malakoff - sjå dei fantastiske bileta!

Trass i at vêrgudane gjorde sitt for at folk skulle halda seg heime, knuste Malakoff fjorårets publikumsrekord. 17 000 var innom årets rockefestival på Nordfjordeid.

– Makelaust og vått so det held.

Slik oppsummerer festivalsjef Arnt-Iver Naustdal årets Malakoff Rockfestival 2012.

LES OGSÅ: Ligg an til publikumsrekord

Statens vegvesen melder om at det er éin times ventetid på ferjesambandet Anda-Lote.

Best besøk fredag

Arnt-Ivar Naustdal

FESTIVALSJEF: Arnt-Ivar Naustdal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fredag var over 8000 innom festivalen, samt 1000 publikummarar på sentrumscena på NRK Sommarlutt.

Også laurdag var over 8000 innom festivalen, og dermed står ein tilbake med nok ein publikumsrekord; 17 000 gjester.

– Det er ikkje mogleg å oppdrive verre vêr enn me hadde i går, men likevel møter folk opp i hopetal. Det syner at me er blitt ein rockefestival med ryggrad.

Han beskriv stemninga laurdag som eit «mini-Roskilde».

– Me vassa i gjørme, men alle hadde det kjempekjekt. Det var den knallgode festivalkjensla. Den Svenska Bjørnstammen var eit høgdepunkt, då det var folk i alle aldrar som storkoste seg på konserten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den svenska bjørnstammen på Malakoff 2012

Den Svenska Bjørnstammen rocka laust på Malakoff.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Ny rekord neste år?

Han var nesten glad for at det regna laurdag.

– Hadde det vore fint vêr so hadde me ikkje hatt plass til alle som ville inn, det er eg ganske sikker på.

– Me sa i fjor at å få 20 000 gjester er ein utopi. Men me ser at me har kapasitet til det, seier Naustdal.

– Er det mogleg at de får 20 000 gjester neste år?

– Ja, det er mogleg.

Det regna på Malakoff 2012

BLAUTT: Men regnet stoppa ikkje festivalgjestene.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Imponert over lokalsamfunnet

Han er imponert og takksam over kor mange dugnadstimar lokalbefolkninga på Eid har lagt ned i arrangementet.

– Ja-haldninga er avgjerande for at festivalen skal overleve, og etter denne helga er det ingen grunn til å tru nok anna.

Men etter ei festivalhelg er det mange som skal heim. Då er det fort at det blir kø, slik som her ved Lote ferjekai på E39.

Vegtrafikksentralen melder om at det er minst éin time ventetid på begge sider av fjorden.

Ferjekø Lote
Foto: Stian Sjursen Takle / NRK