Hopp til innhold

Sivilforsvaret hadde 58 fleire oppdrag i fjor enn året før

I løpet av det førre året vart Sivilforsvaret kalla ut 235 gonger, noko som er 58 gonger meir enn året før. Sivilforsvarsinspektør Leiv Jarle Bergheim trur aktiviteten berre kjem til å auke.

Sivilforsvaret fekk 58 fleire oppgaver enn i 2012, og oppdraga blir alvorlegare.

I Sogn og Fjordane har Sivilforsvaret mellom anna hjelpt til under brannen i Lærdal, brannen i Gudvangatunnelen, drukningsulykker, fleire leiteaksjonar og mange skogbrannar, for å nemne noko.

– Berre i Sogn og Fjordane har Sivilforsvaret 290 personar, og planen er at dette skal auke til 340 når vi er ferdig utbygde, seier Bergheim.

Mindre stadar i Norge er meir avhengige av Sivilforsvaret enn dei store byane. Bergheim har fleire forklaringar på kvifor tala på oppdrag aukar for Sivilforsvaret.

Er godt trente for krisesituasjonar

– Det har skjedd mykje, både i Sogn og Fjordane og i landet elles. Politi, helse og brann har etter kvart sett at vi er ein stor ressurs når ulykkene skjer. Og det er vel største grunnen til at vi vert meir og meir brukte, seier Bergheim.

Han trur utviklinga vil halde fram.

– Skjer det ulykker, så trur eg vi automatisk vert kalla ut. Vi er godt trente mannskap og gjer ein solid jobb, seier Bergheim.

Sivilforsvaret er ikkje lenger berre til for å ta hand om sivilbefolkninga i ein krigssituasjon.

– Det er ei tilbakelagd tid. I dag er Sivilforsvaret bygd opp for å støtte det eksisterande redningsapparatet ute i distrikta, seier Bergheim.

Skal også kunne takle ein krigssituasjon

Han legg til at Sivilforsvaret no er bygd opp for fredstid.

– Skulle det verte ein krigssituasjon, så skal vi vere der også. Men er vi gode og fungerer godt i fredstid, så klarar vi også å ta vare på den biten viss det skulle bli endringar, seier Bergheim.

– Når det gjeld brann, så er vi vel dei einaste som har utstyr og er ein stor ressurs for å støtte brannvesenet med pumpemateriell og godt kvalifiserte folk, seier Bergheim.

Vert oftast kalla ut av politiet

Han peikar på at utstyret som Sivilforsvaret har, leverer svært mykje vatn der det krevst.

– I Lærdal såg ein at for kvar pumpe som vi sette i vatn, så leverte vi 1600 liter i minuttet, og det er ein veldig stor ressurs. Når vi legg det fram i slangar til brannmannskapa, så har dei ein utruleg ressurs å bruke, seier Bergheim.

I Lærdal hadde Sivilforsvaret 150 personar i sving.

– Som oftast er det politiet som kallar oss ut, men både brannvesenet, helsevesenet og kommunane kan også gjere det. Men det er nok politiet som i dei fleste tilfelle gjer det, seier Bergheim.