Hopp til innhold

Sit fast her i staden for å vere i NM

Snøkaoset gjer at 25 volleyballspelarar frå Førde sit fast i Bergen og ikkje kjem seg til NM i Bodø.

verfast

SKUFFA: Volleyballspelarane frå Førde volleyballklubb er svært skuffa og triste over å ikkje kome seg til NM.

Foto: Bjørn Ove Langlo

– Det er forferdeleg trist for jentene og gutane som har jobba mot NM i heile år, seier Dag Inge Roska, som er med som hjelpetrenar for jentelaget.

Tidleg i går reiste eit gutelag og eit jentelag håpefulle til Bergen. Dei skulle vidare med fly til U17-NM i Bodø.

Men snøkaoset på Austlandet gjorde at flyet deira vart usett og utsett og utsett. Lag frå Oslo, Rogaland og Kristiansand har også hatt problem.

Frustrerte over SAS

– Vi stod fire timar i kø for å prate med SAS, og venta på Flesland til klokka 11 i går kveld. No er vi på hotell i Bergen, og kjem oss ikkje vidare, seier trenar ein frustrert trenar Bjørn Ove Langlo.

Han forstår likevel flyselskapet.

– Dei bestemmer ikkje vêret, og prøvde å yte god service. Men det er fullstendig kaos. Ein tilsett sa at selskapet berre har opplevd liknande ein gong tidlegare, då akseskya frå Island påverka flytrafikken.

Hjelpetrenaren er frustrert.

– Ting kunne vore gjort annleis. Eg har enno ikkje lukkast å kome gjennom på telefonen til SAS. Det er ikkje ventemusikk, berre opptatt, seier Roska.

Sesongens store mål

NM betyr mykje for dei unge spelarane.

– Det er den store tingen og det dei trenar for heile sesongen. Dei er veldig skuffa over å ikkje få denne reisa saman. Nokre har ein sjanse neste år, men andre blir for gamle, seier Roska.

– Dei spør oss heile tida om vi har funne ei løysing, og vi har verkeleg jobba med løysingar, seier Langlo.

Vurderte charterfly!

Så mykje betyr ungdoms-NM, at dei har vurdert å gå til skritt ein normalt berre ser profflag ta.

– Vi har jobba med charterfly, faktisk. Men det blir truleg for dyrt

– Kva kostar det?

– Det blir sagt 150.000 kroner ein veg. Vi har fått refundert 110.000 frå SAS, men vi skal ned att også, seier Langlo.

Påsketrafikken og fulle fly gjer at nye billettar verkar umogleg. Dermed ser det ut til at det blir med draumen om NM for dei uheldige, unge volleyballspelarane.

NRK har vore i kontakt med SAS, men ikkje fått svar.