Video Fjord 1 for siste gong. - Foto: Nyhetsspiller /

FOR SISTE GONG: Fjord1 sin hurtigbåt 'Fjordtroll' klappar til kai i Bergen for siste gong.

– Dette var vemodig og trist

Etter 154 års samanhengande drift, gjekk i dag siste turen for Fylkesbaatane og Fjord1 frå Sogn og Nordfjord til Bergen. No skal eit nytt selskap overta ruta.

"Fjordtroll" frå Sogndal og "Fjordprins" frå Selje la ut på siste reis måndag morgon. No er det Norled som overtek drifta på desse populære ekspressbåtrutene. For mange ombord vart dette ein heilt spesiell dag.

– Ikkje berre spesiell, veldig trist dag og. 154 års historie er over og ut. Det ser ut som vi får ein tradisjon for å hive kulturhistoria ut her i Sogn og Fjordane, seier kaptein på "Fjordtroll", Atle Raubotten.

Kaptein Atle Raubotten - SISTE KAPTEIN: Atle Raubotten starta sin karriere i Fylkesbaatane for 40 år sidan. - Foto: Birger Meland / NRK

SISTE KAPTEIN: Atle Raubotten starta sin karriere i Fylkesbaatane for 40 år sidan.

Foto: Birger Meland / NRK

Starta på "Kommandøren"

Den erfarne sjømannen og skipsoffiseren har vore på rutene frå Sogn og Fjordane til Bergen i om lag 40 år, og det er mange som kjenner han att langs ruta.

– Det er veldig trist å miste ein arbeidsgjevar no som vi har hatt i mange, mange år. Dei fleste av oss har jo lang fartstid i Fylkesbaatane, dette er vemodig og trist. Det nærmar seg 40 år sidan eg byrja på gamle ”Kommandøren”, fortalde Raubotten til NRK sin reporter, Birger Meland, i morgonsendinga.

Trist og vemodig

Med på reisa langs Sognefjorden var også ein av fylkets mest kjende historikarar, Johs B. Thue frå Balestrand. For han var det med klump i halsen han no kunne vere med på det som var siste reis, ikkje berre for ruta, men og for merkevaren Fylkesbaatane.

Johs B. Thue - SKEPTISK: Historikar Johs B. Thue tykkjer det er trist at 154 år med båtruter no er historie. - Foto: Birger Meland / NRK

SKEPTISK: Historikar Johs B. Thue tykkjer det er trist at 154 år med båtruter no er historie.

Foto: Birger Meland / NRK

– Ja, dette er ein veldig spesiell dag, når Fylkesbaatane ikkje lenger skal trafikkere Nordfjord og Sogn. Fylkesbaatane har halde på med dette i 154 år.

– Er det eit varemerke for Sogn og Fjordane som no blir vekke?

– Ja, det går ikkje an å diskutere ein gong. Dette er ein dag i sorg utan blomar. Vi må hugse på at då vedtaket om Fylkesbaatane blei gjort i 1857 og då ”Fjaler” og ”Framnes” drog ut frå Bergen i 1858, så er dette det største einskildvedtaket nokon gong i fylket si soge., fortel historikar Thue.

Store endringar

Han fortel om korleis Fylkesbaatane sine ruter frå Bergen til Sogn og Nordfjord i seg sjølv skapte samfunnsendringar. Nye sentrum vart danna, og båtane vart det viktigaste sambandsleddet for folk og fe som måtte til "byd´n"

– Vi har etterkvart fått ein god tradisjon på å øydeleggje kulturminne, sist i Gulen og no med Fylkesbaatane. Det byrja med flagget, så med namnet og no ryk og fargen på skorsteinen. Alle spor etter Fylkesbaatane blir no sletta. Det synes eg personleg er litt synd, sler Thue fast.



NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Created by InfoDispatcher
Created by InfoDispatcher

Hadde synfaring av ulykkesbussane i Fardalulykka

Påsken er for mange starten på årets båtsesong. Vi vart med då ein Sea King frå 330 Skvardron trente på sjøredning saman med redningsskøyta Halvdan Grieg.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)