Hopp til innhold

Siktar seg inn mot den internasjonale finalen

Håvard Hallerud (19) slo både gull- og sølvvinnaren frå NM i gokart under X30-konkurransen på Rudskogen i går. Med ei sterk avslutning av serien håpar han å nå den internasjonale X30-finalen i Frankrike i oktober.

Håvard Hallerud

TILBAKE HIT: Biletet er frå bana i Le Mans i Frankrike, der Håvard Hallerud køyrde ein verdsfinale for to år sidan. Håpet er å sikre seg ein billett til løpet som går der i oktober i år.

Foto: Marc Quinlivan

Eivind Pettersen og Håvard Hallerud

FARTAR RUND: Håvard Hallerud har med seg pappa Eivind Pettersen når han fartar rundt i Europa på løp. I fjor vann han Vestlandsmeisterskapen, og i år har han prioritert større løp.

Foto: Katrine Grotle

– Eg føler meg ganske sikker på at det skal gå bra.

Førdianaren har køyrt gokart i konkurransar i ti år, og reiser no verda rundt for å svi gummi. I år har han ikkje fått køyrt NM, fordi det krasja med andre løp, men i serien X30-challenge har han målt krefter med andre norske utøvarar.

– Eg slo gull- og sølvvinnaren i dag, så konkurransenivået er mykje det same, seier Hallerud.

Vil tilbake på Le Mans

Serien X30 Challenge går som nasjonale konkurransar i mange land, der førarane kjempar om poeng i fem løp. I kvart løp hentar utøvarane poeng i to finalar, før dei får stryke dei to finalane med det dårlegaste resultatet.

Dei tre utøvarane med høgast poengsum i kvart land får ein betalt billett til den internasjonale finalen i X30 Challenge på Le Mans i Frankrike.

Det er det løpet Hallerud siktar mot.

kartsport håvard hallerud

MEKANIKERPAPPA: Faren til Håvard Hallerud er med som mekanikar på kvart løp.

Foto: Hilde Hallerud / privat

Må prestere til siste slutt

På grunn av ein konkurranse i utlandet gjekk han glipp av det eine løpet den norske serien i vår, og har difor allereie stroke to finalar frå sin poengsum. Difor måtte han prestere under det nest siste løpet på Rudskogen i går.

– Før løpet i går var eg på delt andreplass, men no ligg eg på ein klar andreplass, fortel Hallerud.

Førsteplassen i den norske X30-serien klarer han ikkje. Men saman med faren, som er med som mekanikar på alle løpa, har dei rekna litt på det for å finne ut om billetten til den internasjonale finalen er innan rekkevidd.

– Vi har stroke ut dei to dårlegaste resultata til dei andre, så eg ligg på ein klar andreplass.

Korleis han skal lade opp til det avgjerande løpet på Varna i Våler om vel ein månad, vil han ikkje avsløre.

– Vi har vore fire veldig gode førarar lenge, men i går var det mange som byrja å få opp farta. Men eg må ta det som eit heilt vanleg løp, og gjere mitt beste.