Hopp til innhold

Sikra poeng for Sogndal med si første Tippeligascoring

For innbytar Kristian Fardal Opseth betydde dagens oppgjer på Fosshaugane meir enn det eine poenget til laget.

Jubel på Fosshaugane

JUBEL: Då Kristian Fardal Opseth sette inn 2–2 kokte det på Fosshaugane. Lagkameratane augna håp om siger etter å ha lege under med to mål.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Det er heilt utruleg herleg, Eg har venta på denne, og det smakte ufatteleg godt, seier Opseth.

Han kom inn på bana like etter pausen, og med 2–2 målet hindra han ikkje berre Sogndal i å gå sitt første tap sidan april. Han fekk også si første scoring i Sogndal i år og i Tippeligaen nokon sinne. Han var toppscorar i 1. divisjon i fjor, men denne sesongen har han ikkje funne nettmaskene før i dag.

– Eg veit at eg har det inne om eg får sjansen. Eg får utruleg lyst å gripe sjansen med begge hendene. Eg føler eg gjer det eg kan, og kunne fort ha scora eit mål til og sikra sigeren.

Kristian Fardal Opseth er truleg dagens gladaste mann.

GLAD: Endeleg losna det for fjorårets toppscorar i 1. divisjon. Kristian Fardal Opseth sette inn si første scoring for Sogndal i år og også sitt første Tippeligamål.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Også trenar Eirik Bakke er glad for at det losne for måltjuven.

– Han har jobba hardt for det første målet, og det var ei skikkeleg Opsethscoring. Det var ei kanonkule i hjørnet som keeperen ikkje var i nærleiken av, og som vi håpar det blir fleire av.

Eirik Bakke meiner laget er der dei bør vere.

PÅ PLASS: - Vi er der vi bør vere, men må kneppe opp nokre hakk for å snu uavgjort til siger, trur trenar Eirik Bakke.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Vi har noko i Tippeligaen å gjere

For sjølv om Sogndal stod for mykje av spelet i kampen, men det var gjestane som fann nettmaskene først. Etter 39. minutt stod Sogndal utan ei einaste scoring, medan Lillestrøm hadde fått to raske mål på ni minuttar. Gjestane hadde få sjansar, men utnytta det som kom deira veg til det fulle. Med to mål held laget fram trenden, som einaste lag i år, med å score i alle kampar.

– Det er sterk moral i laget som ligg to under til pause, så det er ufatteleg godt å ta med inn i ferien. Vi skulle helst vunne kvar einaste heimekamp, men spelemessig syner vi at vi er eit godt lag som har noko i Tippeligaen å gjere.

Lillestrøm har vunne dei tre siste oppgjera mellom dei to laga, men i dag ville Sogndal det annleis, sjølv om lufta gjekk litt ut av Sogndal i minuttane før pause. Kvilen må ha gjort dei godt, for heimelaget var gjekk knallhardt ut og fekk raskt utteljing.

Etter 50 minutt sette Babacar Sarr ballen i mål, og knappe to minuttar etter fekk altså innbytar Kristian Fardal Opseth nettkjenning. Kampen var laget sitt siste før ferien, og målscoraren er trygg på at dei vil hente fleire poeng etter pausen.

– Nøkkelen no utover hausten blir å snu uavgjort til siger. Vi syns vi har utvikla spelet vårt i riktig retning. Enkeltkampar har vore på veldig høgt nivå, så må vi ha det vesle ekstra, seier kaptein Rune Bolseth.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..