Hopp til innhold

Set Sogn og Fjordane på sidelinja i samanslåing

– Hordaland og Rogaland bør starte jobben med å slå seg saman, utan Sogn og Fjordane, meiner to fylkeslag i Kristeleg Folkeparti.

Vestlandsfylka

Førstekandidat for KrF i Hordaland Pål Kårbø

Førstekandidat for KrF i Hordaland, Pål Kårbø, seier dei vil byrje med å sjå på samanslåing av Hordaland og Rogaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det er KrF i Hordaland og Rogaland som etter eit møte dei hadde måndag, skriv BT. I ein resolusjon etter møtet viser dei to fylkeslaga til at dei to sørlege fylka er likare kvarandre i næringsstruktur og aktivitet.

– Intensjonener at vi byrjar i desse to fylka. Så vil vi gjerne utvide Vestlandsregionen, seier fylkesleiar i Hordaland, Pål Kårbø.

– Jobbe lokale løysingar er best

Han meiner det må jobbast lokalt for å få fram gode løysingar til korleis regionane skal sjå ut.

– Eg trur ikkje Oslo, regjering og Storting vil servere oss ei god regionløysing, seier han til NRK.

Han har ikkje utestengd eller parkert Sogn og Fjordane frå å vere med vidare i regionsarbeidet. Men vil gjerne ha eit tydlegare initiativ.

– Eg kunne tenkt meg eit meir offensivt Sogn og Fjordane inn i dette. For eg trur i region-samanheng høyrer Hordaland og Sogn og Fjordane saman, og eg vil også ha med Rogaland, seier Kårbø.

For å få i gang regions-tanken på alle fylkesnivå, vil han invitere til ein «nabo-prat».

– Mi oppmoding er at vi tar denne praten og at vi kjem snarast i gang med å peike på kvar regionen skal vere og kva oppgåver det nye regionleddet bør ha.

– Fylket har jobba for regionløysingar

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner overskrifta i avisa som viser at Sogn og Fjordane er vanskelege, er feil.

– Det er heilt usakleg. Vestlandsrådet har tre protokollar som viser at Sogn og Fjordane har tatt initiativ til å få ei utgreiing om det er interessant å sjå på eit Vestlandssamarbeid.

Målet har heile tida vore å få ein region frå Møre og Romsdal.

Første prioritet er å stå åleine, men her kan det skje ting som gjer at vi ikkje kan vere det. Då må vi ha ein heilt klar tanke om kva vi gjer då.

Åshild Kjelsnes på talarstolen

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes meiner Sogn og Fjordane ikkje må bli ståande åleine med Hordaland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil ikkje stå åleine med Hordaland

– Eg ser det som veldig uheldig for vårt fylke å bli ein liten bror med ein annan liten bror, slik som Hordaland.

Det ser du som negativt?

– Det sa eg i talen min i går og at det har vi prøvd før – det viser historia. Då blir vi Nordre Bergenhus Amt igjen og det er vi ikkje interesserte i, seier Kjelsnes.

Kjelsnes meiner både fylkestinget og fylkespartia jobbar for regionssamarbeid, og at alle er positivt til det, snarare enn å vere ein bremsekloss.

– Nei, eg meiner vi har det svart på kvitt at vi ikkje er ein bremsekloss. Det er ei ærleg sak at vi ønskjer å stå åleine. Men vi har vore den som har vore pådrivar i Vestlandsrådet for å undersøke om det er interesse for ein stor region.