Hopp til innhold

Sesongen over for Førdejentene

Kampen mellom Førde og Fyllingen enda 20–20. Dermed glapp draumen om kvalifiseringsspel til 1. divisjon med knappast mogleg margin.

Handball

KJEMPA OM OPPRYKK: 2. divisjonslaget til Førde møtte Fyllingen.

Foto: Oddny Sønnesyn

– Med uavgjort mot serievinnaren i dag så er sesongen over no for vår del, seier trenar Øyvind Indrebø.

Laurdagens oppgjer var ein seriefinale der vinnar ville gå vidare til kvalifiseringsspel for opprykk til 1. divisjon. Før kampen låg Fyllingen eit poeng framfor Førde på tabellen, og Fyllingen kunne dermed klare seg med uavgjort.

– Det er bittert å tape med så liten margin, seier trenar Øyvind Indrebø.

Leia til pause

Førdejentene leia 10–9 til pause i ein jamn kamp som bølga litt fram og tilbake. Både i første og andre omgang var dei opp i tomålsleiing i ein kort periode. Men stort sett bar kampen preg av at Fyllingen leia med eitt mål og Førde som utlikna.

– Vi spelar ein god forsvarskamp, men vi klarar ikkje å utnytte vår styrke i kampen. Det er ein god moral i laget, men det blir uavgjort i dag.

Skal riste av seg vonbrotet

– No skal vi riste av oss vonbrotet, og så får vi ta det med oss som ei erfaring.

– Dette var andre gongen at sjansen til opprykk glippar for dykk?

– Det betyr vel eigentleg berre av vi manglar det vesle som kan utgjere forskjellen som gjer at det bikkar vår veg. Det blir ei utfordring for klubben, vi har mange unge jenter som måt ta dette med seg som erfaring til den dagen vi lukkast.