Hopp til innhold

– Forliket er ei oppreisning til dei som fekk eit veldig køyr

– No kan vi setje punktum, seier Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde (Sp) om forliket som torsdag vart signert i Terra-saka.

Karl Vidar Førde

SER FRAMOVER: Forliket mellom Terra-kommunane og DNB gler ordførar Karl Vidar Førde (Sp) i Bremanger. – Vi er ikkje garantert utfallet om vi hadde køyrt ei rettssak, seier han.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

Kommunen tapte kring 240 millionar kroner i den mykje omtala Terra-skandalen. Som følgje av tvisten med DNB var dei budd på å betale 270 millionar kroner kroner for å dekkje inn lånet til Terra-investeringane.

Etter forliket torsdag, må kommunen betale bankgiganten 172 millionar kroner.

– Du veit ikkje kva som hadde skjedd om ein hadde gått vidare, men advokatane våre og DNB meiner det er ei god avtale, seier ordførar Karl Vidar Førde (Sp).

– Ei oppreisning

Kommunane, og spesielt dåverande rådmenn, fekk sterk kritikk då Terra-skandalen vart kjend i 2007. Rådmennene hevda at dei vart lurte trill rundt av meklarane i Terra Securities.

Vik og Bremanger kommune brukte til saman over 400 millionar kroner på risikofylte obligasjonar og tapte store pengar.

Med forliket meiner Førde at Terra-kommunane har fått ei form for oppreisning.

– Dei som sat midt i det og signerte avtalane med DNB fekk eit veldig pes då det small. Eg føler at DNB med dette også erkjenner at dei ikkje hadde heilt reint mjøl i posen. Dei hadde ikkje gått inn forlik om dei visste at dette var grei skuring, seier han.

Fjernar underskotet

Kommunestyra både i Vik og Bremanger skal ta endeleg stilling til forliket 18. juni. Vender dei tommelen opp nærmar kommunen seg langt større handlingsrom.

Bremanger har eit oppsamla underskot på 170 millionar kroner. Det skal vere dekka inn til 2018. Innsparinga på 100 millionar gjennom forliket går rett til underskotet. Bremanger er også i sak mot Danske Bank, som dei handla med i samband med Terra-saka.

Denne saka har Bremanger vunne både i tingretten og lagmannsretten.

– Her ligg det 110 millionar kroner i potten, så dersom også den går inn, som eg ventar den gjer, så kan vi setje pengar på fond. Men den kan framleis ankast, seier Førde.

Rosar innbyggjarane

– Vi har vore under stram økonomi etter at dette small, og vi har måtte ta høgde for «worst case» heile vegen. Med denne biten frå vi eit heilt anna handlingsrom, legg Førde til og meiner kommunen på sikt kan komme seg ut av Robek-lista.

– Eg må berømme innbyggjarane og tilsette i kommunen. Dei har vore utruleg positive og forstått kva situasjon vi har stått oppe i, legg han til og lovar at innbyggjarane skal få merke at det blir betre økonomiske tider.