Hopp til innhold

Senterpartiet med sterkt resultat Ap-bastion

Senterpartiet gjorde stor suksess under skulevalet ved Årdal vidaregåande skule, midt i Ap-bastionen. Håpet er at resultatet skal smitte over på kommunevalet, men Arbeidarpartiet fryktar ikkje for posisjonen sin.

Alexander Øren Heen

GJORDE BRAKVAL: Aleksander Øren Heen og Senterpartiet sanka eit stort fleirtal av stemmene under skulevalet ved Årdal vidaregåande skule.

Foto: Truls Sylvarnes

Vallogo

Senterpartiet vann klart i skulevalet i Ap-bastionen Årdal i dag med 38,7 prosent av stemmene. Ordførarkandidat i Årdal, Aleksander Øren Heen, var den som stilte i panelet for Senterpartiet. Han tykkjer det er ekstra kjekt å vinne på heimebane.

– Eg er glad for at unge i Årdal også ser at også Senterpartiet har ein god politikk som passer ein industrikommune som Årdal, seier han.

Arbeidarpartiet ned med 10 prosent

Trass i ein overlegen siger over Arbeidarpartiet, som enda på 23,6 prosent av stemmene, gjekk ikkje Senterpartiet mykje opp frå førre skuleval i Årdal. Derimot var det avgjerande at Arbeidarpartiet gjekk ned med 10,1 prosent frå skulevalet for fire år sidan.

– Debatten var kanskje litt annleis enn ved eit stortingsval sist, der vi saman med Arbeidarpartiet kjempa for ei framleis raudgrøn regjering og no er det eit lokalval der vi har dei som motstandar, seier Øren Heen.

Venstre, som stiller liste i Årdal for første gong, gjorde også eit brakval ved den vidaregåande skulen. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn stilte i panelet og fekk ein stemmeprosent på 13,1 prosent, ein auke på 11,5 prosent frå førre skuleval.

– Dei henta kanskje ein del stemmer frå Arbeidarpartiet på det, seier Øren Heen.

Trur unge sett meir pris på Senterpartiet

Dette er fjerde gongen Senterpartiet vinn skulevalet i Årdal, men likevel er Arbeidarpartiet dominerande i kommunen med ein oppslutnad som ligg tett oppunder 70 prosent. Øren Heen meiner det kan vere fordi ungdommen sett meir pris på deira politikk enn på Arbeidarpartiet sin.

– Det speglar kanskje også litt denlistesamansetjingaa vi har, der vi har veldig mange unge folk på lista. Det legg ungdommane sjølvsagt merke til, og det trur eg også at den andre veljargruppe, dei som er litt eldre, legg merke til denne gongen.

Fryktar ikkje å miste posisjonen

Noverande ordførar i Årdal, Arild Lægreid (Ap) fryktar ikkje for Arbeidarpartiet sin sterke posisjon i kommunen trass i det gode skulevalet til Senterpartiet.

Arild Ingar Lægreid

IKKJE UROA: Ordførar og Ap-politikar Arild Ingar Lægreid er ikkje uroa for partiet sin posisjon i kommunen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Arbeidarpartiet gjer det vanlegvis ikkje så godt i skulevala her, og det kan vere mange årsaker til det. Ei av dei er kanskje at vi ikkje har eit ungdomsparti, men eg trur ikkje Arbeidarpartiet vil miste posisjonen sin, seier han.

Både Lægreid og Øren Heen ønskjer Venstre velkomne til Årdal. Øren Heen seier dette er eit parti som kan vere ein lokale samarbeidspartnar for dei, medan Lægreid

– Det er veldig spennande, men det blir tøffare og tøffare for Arbeidarpartiet og vi må kjempe for stemmene og håpe vi klarar å halde på dei, seier Lægreid.