Hopp til innhold

Her sette Senterpartiet nesten rekord

Senterpartiet gjorde storeslem under skulevalet på Firda vidaregåande skule på Sandane. – Eg trur Senterungdomen var avgjerande, seier ordførarkandidat Leidulf Gloppestad.

Firda vidaregåande skule (og Trivselshagen) på Sandane

STORESLEM: Senterpartiet sanka over halvparten av røystene til elevane ved Firda vidaregåande skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vallogo

Med over halvparten av dei 243 godkjende røystene, slo Aleksander Øren Heen knockout på panelmotstandarane under skulevalet ved Firda vidaregåande skule.

Leidulf Gloppestad og Jeffery Thomas

NØGD: Ordførarkandidat Leidulf Gloppestad (t.v.), her saman med valkampgeneral Jeffery Thomas, er nøgd med resultatet. – Vi plar gjere gode skuleval på Firda, men eg vart overraska over at oppslutnaden vart så høg. Senterungdomen har mange flinke ungdomar som går der, så at dei gjer det godt overraskar ikkje meg, seier han.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Det imponerer sjølv partiet sin eigen ordførarkandidat i Senterparti-kommunen.

– Skulerekorden sette Erling Sande med 52,2 prosent i 2003. No var det heilt oppunder, med 51,1 prosent, seier ein storveges nøgd Leidulf Gloppestad.

Avgjerande ungdomar

Arbeidarpartiet vart nest størst med 11,1 prosent av røystene. Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet fekk ein samla oppslutnad på 5,3 prosent.

Gloppestad meiner resultatet er ei fjør i hatten for ungdomane i partiet.

– Det gode senterungdomslaget på Firda var avgjerande. Vi har flinke ungdomar som pratar mykje med folk, kjem med innspel og innstikk på kva vi gjer og driv med. Senterungdomen i Gloppen har vore veldig viktige for at Alexander fekk resultatet som han gjorde, seier han.

– Tøff og fresh

Aleksander Øren Heen

IMPONERTE: Aleksander Øren Heen (Sp) fekk stor oppslutnad blant skuleelevane ved Firda Vidaregåande skule.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Høgre sin ordførarkandidat, Anniken Rygg, sat i salen under delar av debatten. I panelet var Øren Heen og Torbjørn Vereide (Ap) blant dei mest erfarne ungdomspolitikarane.

Ho opplevde ungdomar som var mest opptekne av kultur, idrett, skuleskyss og ordninga «heim for ein 50-lapp».

– Vi hadde to dyktige politikarar med frå Unge Høgre, men han var veldig tøff og fresh. Der gjorde partiet eit scoop. Han fekk nesten ståande applaus, og då er det lett å rive seg med på bølgja, seier ho Sp sin representant i panelet.

Anniken Rygg

E39: Gloppen Høgre sin ordførarkandidat, Anniken Rygg, ser ikkje vekk ifrå at striden kring E39 framleis stikk djupt i Gloppen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Når det gjeld resultatet er ho ikkje spesielt overraska.

– Men det er gledeleg å sjå at det er nær 80 prosent oppslutnad, seier ho.

– Kva det seier det deg at regjeringspartia kom så dårleg ut?

– Skuledebattar blir ofte populistiske, og det kan vere lettare å vere i opposisjon enn forsvarsposisjon. Men ein må sjå litt på tematikken og sakene, og kanskje jobbe endå sterkare inn mot dei yngre veljargruppene. Det skal eg ikkje legge skjul på.

E39-striden

Sjølv om nær halvparten av elevane ved skulen er tilflyttarar, ser ikkje Rygg vekk ifrå at striden kring E39 og bru over Nordfjorden kan ha medverka til det dårlege resultatet.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel sette sinna i kok både i Eid og Gloppen då han støtta opp om å flytte E39 frå midtre, til indre Nordfjord. Slik vart det også.

– Den set kanskje litt i. Det var ein del elevar som også snakka om bru, og ungdomen her er opptekne av kommunikasjonane. Men eg håpar ungdomane ser at Høgre jobbar seriøst med ferjeavløysingsmidlar og bruproblematikk, og at vi den kommande perioden ser føre oss å få til ei løysing på det når det gjeld spesifikt Anda–Lote, seier ho.