Hopp til innhold

EID: Bjørlo held fram som ordførar trass i brakval av Senterpartiet

Trass i at Sigurd Reksnes i Senterpartiet kan juble over svært gode tal i Eid, får Venstre sin Alfred Bjørlo halde fram som ordførar.

Alfred Bjørlo attvald som ordførar

TREKTE LENGSTE STRÅET: Alfred Bjørlo jublar over å få halde fram som ordførar i Eid.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vallogo

SISTE: Venstre går tilbake med 13 prosent, medan Senterpartiet går fram med 10 prosent. Likevel er det Alfred Bjørlo i Venstre som trekte det lengste strået. Dermed blir han sitjande som ordførar i fire nye år. Det skjedde etter at Sissel Omdal i KrF har bestemt seg for å samarbeide med Venstre og Høgre i staden for Senterpartiet.

Likevel har Senterpartiet teke eit stort jafs av stemmene i Eid, og Sigurd Reksnes var godt nøgd tidlegare i kveld.

– Det er heilt enormt. Eg hadde aldri trudd at vi skulle gjere eit så godt val. Det er eit brakval og vi er veldig godt nøgde med det, seier ein jublande Reksnes.

Håpar på å bli ordførar

Sigurd Reksnes

BRAKVAL FOR Sp: Ordførarkandidaten for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, ville gjerne overta ordførarrolla, men slik blir det ikkje.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Men om han blir ordførar vil han ikkje gi eit klart svar på.

– Det vil no det som skal skje no framover vise. Vi håpar at vi kan ta den posisjonen, seier Reksnes.

Arbeidarpartiet går fram til 12,6 prosent av stemmene, noko 1.-kandidat Siri Sandvik er glad for.

– Det er eg kjempenøgd med. Vi doblar representasjonen vår og det er bra når vi tenker på kor dårleg vi har gjort det tidlegare, seier ho.

No startar forhandlingane

Kven Arbeidarpartiet vil støtte, veit ho ikkje endå.

– Vi må jo snakke saman no då. Det er det vi har avtalt, men eg har vore ærleg heile tida på å først og fremst ha framgang for eigen del og få ny maktfordeling i kommunen, seier Sandvik.

Høgre ligg på 12,8 prosent av stemmene, og ordførarkandidat Eli Årskog er ikkje nøgd.

– Nei, eg er litt skuffa. Vi hadde håpt å få inn eit mandat til, men det ser ut til at Høgre er ganske stabile i Eid no.

Alfred Bjørlo

FÅR HALDE FRAM: Alfred Bjørlo (t.v) i Venstre vann kampen om samarbeidspartnarar i Eid og held dermed fram som ordførar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Venstre går kraftig tilbake

Venstre har per no blitt forbigått av Senterpartiet, men sitjande ordførar og toppkandidat for Venstre i Eid, Alfred Bjørlo, er likevel optimist.

– Det er eit utruleg godt resultat. Det er klart at sist gong hadde vi eit heilt vanvitig resultat på 44, men å ha 31 prosent og største parti ved sidan av Senterpartiet, det er eit godt resultat, seier han.

No startar forhandlingane om kven som blir ordførar.

– No er det samtalar på gang for å prøve å finne fram til semje, men samstundes er ikkje alle stemmene talt opp, så det kan endå bli endringar både i prosent og mandat, så det blir ei lang natt, seier Bjørlo.