Hopp til innhold

HIV-smitta kvinne henta av politiet på asylmottaket i Sogndal

Ei 40 år gamal HIV-smitta kvinne blei i dag tidleg henta med makt av politiet i Sogndal og sett på flyet til Oslo for å bli send ut av landet. Vener og kjende av kvinna er lei seg og forbanna.

Sinarinzi

STOD FRAM PÅ NRK: Kvinna kalla seg Sinarinzi då ho blei intervjua av Vestlandsrevyen i april i fjor.

Foto: arkiv / NRK

Den 40 år gamle kvinna kjem frå Burundi i Afrika, har vore i Norge i seks år, og fryktar for at ho skal døy dersom ho no bli send til heimlandet.

– Dersom eg dreg tilbake til landet mitt vil eg døy. Helsesystemet er bra i Noreg, men det er ikkje det same i Burundi. Om du ikkje er frisk vil du døy, fortalde kvinna til NRK 19. april i fjor.

Send med fly til Oslo

Ein patrulje frå lensmannskontoret i Sogndal henta kvinna der ho budde, og køyrde ho til flyplassen på Haukåsen. Der blei ho send vidare med rutefly til Oslo, med politifolk om bord i flyet.

I Burundi er HIV og aids framleis tabu, og berre halvparten av dei smitta frå medisinsk hjelp. FN sin organisasjon mot HIV/AIDS, UNAIDS, har lenge åtvara mot tvangsretur til landet.

Rita Skjeldestad ved Sogndal lensmannskontor, stadfestar at dei hadde ei såkalla uttransportering i morgontimane i dag.

– Kvinna blei pågripen utan dramatikk og sett på eit fly til Oslo, seier Skjeldestad til NRK.

Protesterte ikkje mot ordren

– De var kjende med at kvinna er i ein vanskeleg situasjon, og at ho er HIV-smitta. Protesterte de mot at de måtte gjere denne jobben?

– Vi er kjende med at ho er HIV-smitta, men vi utførte ein jobb for Politiets utlendingsenhet, seier Skjeldestad.

Sjølv fortel den 40 år gamle kvinna at ho truleg vil måtte halde sjukdomen skjult om ho blir send til heimlandet.

Som einsleg kvinne med ein potensielt dødeleg smitte, er ho ekstra utsett for tabu-haldningar frå både familie og ukjende i Burundi.

– Dårleg stemning på mottaket

Leiar for Sogndal statlege mottak, Dag Olav Osen, stadfestar at kvinna blei henta der ho budde i Sogndal sentrum i dag tidleg.

– For dei som kjende ho, er ikkje stemninga spesielt god. For alle blir råka litt av dette, når dei ser politiet kome inn for å hente vedkomande. Dei lurer på kva som skjer, då er det vår oppgåve å snakke med bebuarane, seier Osen til NRK.

Han fortel at mange blei redde og byrja å grine då politiet kom til bustaden for å hente kvinna.

Men mottaka si rolle er jo at eg som mottaksleiar blir varsla at det skal skje ei uttransportering. Den biten er vi ikkje med på det i heile teke. Vår rolle kjem i etterkant, seier Osen.

Reagerer med sorg og sinne

Fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen, har lenge vore engasjert i saka til den 40 år gamle HIV-smitta kvinna. Ho reagerer med sorg og sinne på det som skjedde i dag tidleg.

– Eg er sorgfull og har lyst å seie til alle dei Norge som trur det er lett å få opphald på humanitært grunnlag at det er, så viser denne saka at det skal ekstremt mykje til. Ho er HIV-positiv og lever godt med behandlinga ho har fått i Norge, men det er høgst uklart om ho vil få behandling i heimlandet, meiner Johnsen.